Ålesund videregående skole, Møre og Romsdal fylkeskommune
Ålesund vgs har behov for vikarar i fellesfag. Behovet kan gjelde alle fellesfag, som for eksempel norsk, engelsk, samfunnskunnskap, historie, geografi, religion, kroppsøving, matematikk, naturfag og framandspråk.
Vikaroppdraga kan ha ulik varigheit avhengig av skolen sitt behov.
Arbeidsoppgåver
Undervisning/ vikaroppdrag i alle fellesfag.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer deg som har formell undervisningskompetanse i fellesfaga norsk, engelsk, samfunnskunnskap, historie, geografi, religion, kroppsøving, matematikk, naturfag og framandspråk.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som har eit positivt elevsyn, har god relasjonskompetanse og kan vere ein trygg og tydeleg vaksenperson for ungdommane våre. Du må ha gode samarbeidsevner og delta aktivt i profesjonsfellesskapa ved skulen.
Vi tilbyr
– spanande og varierte arbeidsoppgåver
– ein arbeidplass kjenneteikna av høg kvalitet og profesjonalitet
– eit raust og inkluderande arbeidsmiljø
– gode pensjonsordningar
– løn etter tariff
Kontaktinformasjon
Eirik Sundquist Torp, Avdelingsleder språkfag, 90855784
Are Lund, Avdelingsleder samfunnsfag, 93032374
Siw Klokkersund, Avdelingsleder realfag, 92809742
Lisa Fiskerstrand, Avdelingsleiar norsk og kroppsøving, 97031245
Arbeidsstad
Gangstøvikvegen 27
6009 ÅLESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 5046013249
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 31.01.2026