Teknikar/mekanikar

  • Heltid
  • SANDNES, NORGE
  • Publisert: 6 dager siden
  • 6. mai 2025

Om stillinga

Er du ein Petter Smart eller Reodor Felgen? Me treng ein dyktig teknikar med stor interesse for teknikk og detaljar, som vil trivast på ein kreativ arbeidsplass. Du set di ære i å finna gode løysingar og å få ting fiksa, slik at publikummet vårt får ei best mogleg oppleving. Du trivst når tempoet er høgt, og hjelper gjerne  kollegaer når noko må ordnast.

Oppgåvene vil variera og krevja ei fleksibel tilnærming, kor det er viktig å tenka ut av boksen for å finna løysingar.

Du er del av eit tverrfagleg utstillingsteam som skal utvikla nye og eksisterande utstillingar. Du skal vera med å konstruera og bygga utstillingar, og vedlikehalda og utbetra dei me har.

Vitenfabrikken har eigen romsleg verkstad med tilgang til ulike maskinar. Du vil vera ansvarleg for god drift på verkstaden, sikra oppfølging og vedlikehald av maskinane, samt orden slik at området er tilgjengeleg for andre og presentabelt.

Du må vera ein god lagspelar som kjem med gode idéar og har evne til å gjera både dine og andre sine idéar om til praktiske løysingar som toler hard bruk. Du kjem til å jobba tett med utstillingsansvarleg, utstillingsvert, driftsleiar, pedagogar og andre formidlarar. 

Utstillingane våre

Utstillingane våre skal invitera til deltaking, utforsking og læring. Faglig forankring og interaktivitet er sentralt i vårt utstillingsarbeid.

Fornying av utstillinga HJERNEN skal fullførast i 2025. Utstilling om leirvare/potteri og utandørs vitenpark er under planlegging.

100% ENERGI skal gje kjennskap med grunnleggande energikjelder. Midt i utstillinga står ein tesla-coil som sender lysbogar med 700.000 volts styrke, som òg spelar musikk.

DET SKA SVARA SEG fortel om gründerverksemda i regionen, og skal læra deg om pengar og økonomi.

ABELLOFTET er ei magisk matematikkutstilling med over 50 ulike eksperiment og aktivitetar.

VI HOS ØGLÆND formidlar bedriftshistorie og viser fram DBS-syklar, Tempomopedar, arbeidsklær og konfeksjon.

ASTRONOMI OG ROMFART viser stjernehimmelen i fortid, nåtid og framtid. Her kan du utforske romskipet DELTA, forstå meir av livet som astronaut, og reise ut til fjerne planetar. I Planetariet er det ulike stjerne- og planetvisningar og ulike filmar. 

Vitenfabrikken

Vitenfabrikken er den største avdelinga i Jærmuseet. Avdelinga har årleg rundt 75.000 besøkande.

Vitenfabrikken er eit kombinert museum- og vitensenter midt i Sandnes sentrum. Her kan store og små utforske interaktive utstillingar og bli med på kjekke aktivitetar over fleire etasjar.

På Vitenfabrikken blir publikum oppfordra til å delta og å utforske. Gjennom slike interaktive formidlingsmetodar er målet å vekke spesielt barn og unge si interesse for realfag, matematikk og teknologi. Derfor står leik, konkurranse og eksperimentering sentralt i eit besøk på Vitenfabrikken. Vitenfabrikken skal òg fortelja  og forvalta Sandnes by si historie og regionen si industrihistorie.

Vitenfabrikken er ein møteplass som ønsker å løfta energinivået og kreativiteten til alle gjestene våre. Me tilbyr familiedagar, teambuildingar, omvising, møte- og selskapslokaler til næringsliv, samarbeidspartar og private.

Arbeidsoppgåver

  • Sikra at utstillingane våre alltid fungerer, slik at våre besøkande får ei god og lærerik oppleving
  • Drifta verkstaden på Vitenfabrikken
  • Delta i planlegging, utvikling og produksjon av utstillingar og formidlingsopplegg
  • Vedlikehalde og fornye eksisterande installasjonar i utstillingane
  • Bidra med kompetanse, erfaring og arbeid på tvers i organisasjonen ved behov

Kvalifikasjonskrav og eigenskapar

  • Fagbrev innan mekaniske fag, automasjonsmekanikk eller anna relevant fagområde
  • Kjennskap til svakstraum/PLS
  • Proaktiv tilnærming
  • Kreativ og løysingsorientert
  • Evnen til å "læra ved å gjera"
  • Trivast med ein variert arbeidskvardag
  • Vera serviceinnstilt og fleksibel
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Beherske norsk muntleg og skriftleg

Aktuell kandidat må levera godkjent politiattest ved tilsetting.

Jærmuseet ønskjer mangfald i staben, og alle kvalifiserte personar vert oppfordra til å søkja, uavhengig av kulturell bakgrunn, alder og funksjonsevne.

Jærmuseet tilbyr

  • Fast 100% stilling
  • Ein variert og til tider travel arbeidskvardag, i eit triveleg miljø.
  • Ei spanande rolle på ein arbeidsplass i stadig utvikling med mange engasjerte kollegaer
  • God pensjonsordning
  • Behandlingsforsikring
  • Fleksibel arbeidstid
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale

Kollegiet på Vitenfabrikken

På Vitenfabrikken vil du jobba i lag med ein flott gjeng av ulike menneske med mykje kompetanse og mange interesser. 17 personar har sin daglege arbeidsplass på Vitenfabrikken. I tillegg vil du treffa på mange tilsette som jobbar andre stader i Jærmuseet, men som òg brukar noko av tida si på Vitenfabrikken.

Staben på Vitenfabrikken har utanom avdelingsdirektør og leiar for publikumsaktivitetane, kokkar, reinhaldarar, utstillingsansvarleg, pedagogar, driftsleiar, vertekoordinator, resepsjons- og butikkansvarleg og utstillingsvert. I tillegg har me over 20 ungdommar som er vertar hjå oss på kveldstid, i helgene og når me treng ekstra ressursar. Denne kombinasjonen av folk gjev oss ein unik arbeidsplass og eit godt arbeidsmiljø.

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted