Tannlege

  • Deltid
  • BREMNES, NORGE
  • 13. desember 2025

IDI-TH - Sveio/Bømlo/Etne klinikkområde, Vestland fylkeskommune

Vestland tannhelseteneste, Sør-Aust tannhelseområde har ledig vikariat i 40% stilling som tannlege frå 01.12.25. Tenestestad er for tida ved Bremnes tannklinikk. Bremnes tannklinikk er ein klinikk for 3 tannleger og 2 tannpleiere. God pasienttilgang og varierte arbeidsoppgaver.
 
I øykommunen Bømlo er du aldri langt frå sjøen. Du kan oppleva vill og rå sjø, men også milevidt, blenkjande hav med Nordsjøen som næraste nabo. Kommunen er eit eldorado for fiskeinteresserte. Frå Siggjo (474 m.o.h.), den høgaste fjelltoppen, er det utsyn frå Folgefonna i aust til Haugesund i sør, og dette populære turmålet har har vore og er eit kjent landemerke. 
Bømlo har også rikt kulturtilbod bl.a kulturhus, kino, teater og Moster amfi. 
Fakta
Folketal: 12 301 pr. 2 kvartal 2024
Flateinnhald: 247 km2. Siggjo – høgaste fjelltopp 474 moh. Ca 1010 trappetrinn opp lagt av sherpaer i Laksatrappo, med fleire flotte rasteplassar. 
Landfast via Trekantsambandet – mellom 1 og 2 timar til flyplassar på Stord, Haugesund og Bergen (via hurtigbåt Rubbestadneset -Flesland)
Alle som bur i ein av dei 189 kommunane på SSBs sentralitetsnivå 5 og 6 kan få sletta 25 000 kroner av utdanningsgjelda i året frå januar 2026. Du må vera busett i ein av desse kommunane, og vera yrkesaktiv, i minst eitt år. Du vil få sletta utdanningsgjeld kvart år, fram til gjelda er nedbetalt. Tiltaket gjeld all typar utdanningsgjeld, uavhengig av når ho er teken opp. Ein person som bur i ein av desse kommunane frå 1. januar 2025, eller flyttar dit når som helst etter denne datoen, vil etter eitt års butid vera kvalifisert til å få sletta gjeld.

Vestland fylkeskommune har ansvar for den offentlege tannhelsetenesta i fylket. Vårt samfunnsoppdrag er å levere tenester av høg kvalitet til våre innbyggarar og dette løyser vi gjennom samarbeid, førebygging og god klinisk praksis. Vi behandler hovudsakleg prioriterte pasientgrupper, men tar også i mot vaksne, betalande pasientar.

Vi har ein unik kompetanse, tilbyr spesialistbehandling og driv fagleg utvikling og forsking. Gjennom vårt førebyggjande arbeid, forsking og behandling legg vi grunnlaget for god folkehelse i Vestland.

Vi er om lag 550 tilsette fordelt på 55 tannklinikkar, ein intern fagstab og vårt kompetansesenter, TkVestland.

Arbeidsoppgåver

  • Du utfører klinisk arbeid for alle pasientgrupper, inklusiv vaksne betalande pasientar.
  • Du held deg fagleg oppdatert og følger gjeldande lover og retningslinjer for evidensbasert behandling, samt
    jobber for å nå måla til Vestland tannhelseteneste.
  • Du deltar i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling, samt andre felles oppgåver for drift av klinikken.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som tannlege
  • Behersker norsk som arbeidsspråk, skriftleg og munnleg
  • Godkjend politiattest

Personlege eigenskapar

Du likar å arbeide med menneske og har alltid pasienten i fokus.

Du kan samhandle med ulike pasientgrupper. Du kommuniserer godt og har evne til å skapa gode relasjonar til pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar. Du trivst med å jobbe i team og er aktivt med på å skape eit godt arbeidsmiljø.

Du arbeider systematisk, strukturert og planmessig for å nå måla våre.

Du er nysgjerrig og interessert i fagleg utvikling, du deler også kompetanse med andre.

Vi tilbyr

  • Ein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar
  • Eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
  • Etterutdanning og kurs for fagleg og personleg utvikling
  • Løn etter avtale, for nyutdanna er årsløna for tida kr 650.000,-+ rekrutteringstillegg
  • Gode offentlege pensjons – og forsikringsordningar

Kontaktinformasjon

Margareth Simonsen Råen, områdeleiar tannhelse, 99021332

Arbeidsstad

Svortlandsvegen 117
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5035048141
Stillingsprosent: 40%
Vikar
Startdato: 01.12.2025
Sluttdato: 30.11.2026
Søknadsfrist: 14.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted