
Prehospital avdeling, Helse Fonna
Ambulansetenesta i Helse Fonna består av 10 ambulansestasjonar, 18 døgnbilar, to dagbiler, legebil, ambulansebåt, helse-ekspress og AMK. Tenesta har ca. 160 tilsette.
Prehospital avdeling har no ledig ein spennande 50% fast stilling for deg som er oppteken av kvalitet og system. Stillinga inngår som del av kompetansegruppa i ambulansetenesta. Stillinga som system og kvalitetsrådgivar er for heile prehospital avdeling i Helse Fonna, og noko reising må påreknast uavhengig av geografisk tilhøyrsel.
Prehospital avdeling i Helse Fonna har dei siste åra fått fleire digitale system som blir forvalta og vidar blir utvikla i ulike forum. Vi ønskjer no og tilsetje ein dedikert person som kan halde fram det gode arbeidet med vidareutvikling av systema. System og kvalitet heng godt saman i denne stillinga, det vil bli arbeid opp mot kvalitetsforbetring og kvalitets oppfølging. Oppstart etter avtale.
Kva går jobben ut på?
- Følge opp ulike datasystem.
- Være en ressurs person inn i ulike regionale og nasjonale samarbeidsforum.
- Delta aktivt og være pådriver for kvalitetsutvikling i ambulansetjenesta.
- Være en del av faggruppa og påvirke retningsval i forhald til kompetanseutvikling.
- Fokus på felles kvalitet i heile tjenesta uavhengig av arbeidssted
- Kontroll/testing og kvalitetssikring i utprøving av nytt datateknisk utstyr.
- Bidra til kvalitetsutvikling basert på data som er tilgjengelig i tjenesten.
- Ha oversikt over aktuelle faglege forbetringsområder.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Helsefagleg bakgrunn
- Erfaring frå kvalitetsarbeid
- Gode IKT kunnskapar
- Kjennskap til ulike kvalitetssystem
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- har gode samarbeidsevner for å skape eit godt fag- og arbeidsmiljø.
- er fleksibel i forhold til arbeidstid og oppgåver.
- arbeider strukturert og systematisk.
- har gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg.
- er inkluderande.
- kan både få og gi tilbakemeldinger når det er nødvendig.
- er resultat og løysningsorientert.
Personlege eigenskapar blir vektlagd.
Vi tilbyr
- Spennande stilling med god moglegheit for kvalitetsutvikling gjennom ulike system i prehospital avdeling i Helse Fonna.
- Moglegheit for personleg utvikling.
- Løn etter gjeldande avtale.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Svein Oddvar Moen, Avdelingsleiar, +47 52808650
Lene Hetland, Ass. avdelingsleder Prehospital avdeling, 91560352
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4943580652
Stillingsprosent: 50%
Fast
Startdato: 25.08.2025
Søknadsfrist: 04.05.2025