Superhelt på natt

  • Deltid
  • SANDANE, NORGE
  • Publisert: 9 timer siden
  • 29. juni 2025

Heimetenesta, Gloppen kommune

Er du vår nye superhelt på natt? Er du sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar og fagleg trygg og opptatt av å bidra til at innbyggjarane våre meistrar å bu heime lengst mogleg? Har du godt humør, likar å køyre bil og sjå hjorten smile langs vegane og har interesse for å bidra til å gje gode tenester, sjølv i dei mørke timane på natta?

Vi i heimetenesta har ledig 65 % fast stilling på natt, oppstart 1. august.

Å arbeide som nattevakt i heimesjukepleien er ein allsidig og spennande jobb. Nattevaktene jobbar sjølvstendig ute hjå pasienten, og det inneber heimebesøk uansett vêr og føreforhold. Det kan vere t.d besøk hjå dei som av ulike grunner treng tilsyn gjennom natta for å kunne fortsette å bu heime. Målet til heimesjukepleien er å bidra til at innbyggjarar i kommunen kan meistre livet sitt i heimen, og vi jobbar med fokus på kvardagsmeistring. Ein må påberegne ein del køyring i kommunal bil gjennom ei natt, då området strekk seg i rundt Gloppefjorden; frå Hestenesøyra – Sandane – Anda, til Breim. 

Arbeidsoppgåver

  • Ivareta og gje omsorg og pleie til brukarar i
    omsorgsbustadar og i heimane som personleg hygiene og ernæring.
  • Kveldsstell og morgonstell
  • Administrering av medisin
  • Betjene tryggleiksalarmar
  • Terminalpleie
  • Samarbeid med pasient og pårørande
  • Samarbeid med lege/legevakt

Kvalifikasjonar

  • Godkjent utdanning som sjukepleiar, evt vernepleiar/helsefagarbeidar/hjelpepleiar
  • Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
  • Førarkort for personbil 

Personlege eigenskapar

  • Har god fagleg forståing, er trygg i rolla som fagutdanna og kan jobbe sjølvstendig og ta ansvar.
  • Du bidreg til eit godt samarbeidsklima, er fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan arbeide effektivt og samstundes levere god kvalitet på tenestene.
  • Kjennskap til kvardagsmeistring som metode.
  • Likar å køyre bil.
  • Vi ønskjer ein person med godt humør som trivast med utfordringar og varierte arbeidsoppgåver på natt.

Vi tilbyr

  • Lokalt tillegg på natt
  • Meir fleksibel kvardag med fleire fridagar (praktisk for dei som studerer eller ynskjer dag-/ettermiddagar til andre kjekke aktivitetar)
  • Trivlege kolleager og godt arbeidsmiljø,størstedelen av vakta jobbar ein to saman
  • En spennande og lærerik arbeidsplass
  • Meir ro og fokus til å utføre arbeidsoppgåvene utan mange avbrytlesar frå telefonar og anna informasjonsformidling
  • Fagutvikling gjennom e-kurs og liknande
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale. 

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månader.
Det må leverast politiattest før tiltreding.

Kontaktinformasjon

Kari Ann Krogh, Avdelingsleiar Sandane heimeteneste, 970 26 442
Cecilie M. Helgheim, Tenesteleiar heimetenesta, +47 472 60 601

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4985641537
Stillingsprosent: 65%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 30.06.2025