Stipendiat i rettsvitskap

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 3 uker siden
  • 31. august 2025

UiB – Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?

. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w

Om stillinga

Ved Det juridiske fakultet er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat på prosjektet PROTECT («Protecting child rights and public safety: Premises for the integration of child’s best interest and crime prevention»). PROTECT er eit forskingsprosjekt i grensesnittet mellom juss og samfunnsvitenskap som undersøkjer barns rettar og kriminalitetsforebygging.

Stillinga er for ein periode på tre år, og kan bli forlenga til fire år for karrierefremjande arbeid. Tiltreding er 1. oktober 2025 eller etter avtale. Det er eit krav om at den som vert tilsett har arbeidsplassen sin ved fakultetet.

Om prosjektet 

PROTECT skal undersøke korleis velferdsstatar kan møte utfordringa med barn som blir involvert i alvorlege valdelege brotsverk på ein måte som beskyttar barn sine rettar, og samtidig varetar samfunnets tryggleik, førebygger kriminalitet og motverker sosial ekskludering. 

Prosjektet fokuserer på to nøkkelinstitusjonar som spelar sentrale roller for denne gruppa av barn: barnevernssystemet og strafferettssystemet. PROTECT vil drive banebrytande tverrfagleg forsking ved å kombinere rettsvitskap og statsvitskap, innovative metodiske tilnærmingar og gjennomføre undersøkingar på tvers av ulike land. 

Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd, og er leia av professor Linda Gröning (rettsvitskap) og professor Marit Skivenes (statsvitskap). Du kan lese meir om prosjektet her. Ein fullversjon av prosjektskildringa for PROTECT kan ein få ved å ta kontakt med  hrjur@uib.no.

 Kvalifikasjonar og eigenskapar

  • Du må ha mastergrad i rettsvitskap eller tilsvarande juridisk utdanning. Det er ein føresetnad at du har levert masteroppgåva innan søknadsfristen, og at mastergrad er oppnådd før tilsetjing. 
  • Du må ha interesse for strafferett, barns rettar og kriminalitetsforebygging. Kunnskap om desse rettsområda er ein fordel, men ikkje eit krav. 
  • Du må gjennom karakternivå og/eller skriftleg vitskapleg arbeid ha vist eit høgt fagleg nivå, som kvalifiserer for rettsvitskapleg arbeid.
  • Du må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert, ha gode samarbeidsevner og evne til å bidra til utvikling av faget og fagmiljøet. 
  • Du må ha gode kunnskapar i både engelsk og norsk (eller eit anna skandinavisk språk), så vel munnleg som skriftleg.

Vi tilbyr

  • Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø
  • Løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn i spennet mellom kr 568 700 og kr 610 400. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn
  • Medlemsskap i Statens pensjonskasse
  • Stilling i ei inkluderande arbeidslivsverksemd (IA-verksemd)
  • Gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde

  • Søknadsbrev (fyllast ut i søknadsportalen). Ei kort utgreiing om forskingsinteressene dine og motivasjonen for å søkje stillinga, og korleis dette samsvarer med prosjektmåla i PROTECT.
  • CV (fyllast ut i søknadsportalen). 
  • Prosjektomtale av planlagt doktorgradsprosjekt (6-10 sider)
  • Kopiar av karakterutskrifter og vitnemål. 
  • Liste over vitskapleg arbeid (publikasjonsliste). 
  • Full versjon av masteravhandlinga/doktoravhandlinga og inntil 3 andre faglege publikasjonar i pdf-format. Publikasjonane må vere på engelsk eller eit skandinavisk språk, med mindre anna er avtalt. Søkar kan velje å inkludere upubliserte manuskript. 
  • Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, ein av desse bør fortrinnsvis vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva/doktoravhandlinga. 

Søknaden og prosjektomtalen kan skrivast på engelsk, norsk eller eit anna skandinavisk språk.

For søkjarar med utanlandsk utdanning:

Du må i tillegg legge ved sertifisert omsetjingar til engelsk eller skandinavisk dersom originalvitnemåla, karakter-utskriftene og anna dokumentasjonen ikkje er på eit av disse språka. Det må også leggjast ved eit Diploma Supplement med standardisert omtale av oppbygging, nivå, struktur, innhald og status av utdanninga til søkjaren. Søkjarar med utdanning frå utanfor Skandinavia vil få si utdanning evaluert med utgangspunkt i HK-dir.sine retningslinjer for godkjenning av utanlandsk utdanning.

Særeigne krav for søkjarar med anna morsmål enn norsk: 

Du må i tillegg leggje ved attest eller anna relevant dokumentasjon som viser at du har språkkunnskapen som krevjast for stillinga. Kravet gjeld ikkje dersom du har eit anna skandinavisk språk som morsmål.

Nærmare om prosjektomtalen

Prosjektomtalen skal innehalde ei beskriving av ph.d.-prosjektet sitt overordna tema, mål, teori og metode, samt ei plan for gjennomføringa av prosjektet og forskerutdanninga (se veileding). 

Ph.d.-prosjektet skal knyttast til arbeidspakke 1 i PROTECT og til den overordna målsettinga om å avklare strafferettens og barnevernsystemenes ulike funksjonar og formål. Ph.d.-prosjektet må i lys av dette inkludere rettsdogmatisk og konseptuell analyse av dei legitime måla om å beskytte offentleg sikkerheit/kriminalitetsførebygging med tanke på krav om barns rettigar. Ph.d.-prosjektet kan omfatte komparative juridiske undersøkelser og tverrsektoriell analyse av de institusjonelle rettslege aspekta ved strafferett og barnevern. Det er ønskjeleg at doktorgraden skrives som ein artikkelbasert avhandling (se retningslinjer). 

Innafor desse rammene bør søkjarane føreslå eit ph.d.-prosjekt som har vekta si på dei konkrete forskingsproblema som kandidaten finn mest interessante og viktige.

Prosjektskildringa skal elles oppfylle dei krava til innhald som står i rettleiinga for søkjarar til stipendiatstilling.

 

Generell informasjon

All dokumentasjon må leggast inn i JobbNorge via lenkje på denne sida merka «Søk stillingen». Søknaden skal vere komplett innan søknadsfristen. Søknader som ikkje inkluderer alle obligatoriske vedlegg vil ikkje bli vurdert. 

Vurderinga av søkarane vil leggje særleg vekt på den vitskaplege kvaliteten på prosjektomtalen og relevansen av det planlagde doktorgradsprosjektet for PROTECT. Vurderinga vil òg leggje vekt på søkjaren sine faglege og personlege føresetnadar for å gjennomføre ph.d.-programmet og bidra til fagmiljøet. Dei best kvalifiserte søkjarane kan bli kalla inn til intervju. 

Nærare informasjon om tilsettingsprosessen ved Universitetet i Bergen finn du her

  • Utfyllande opplysningar om stillinga og prosjektet kan ein få ved å vende seg til prosjektleiar Linda Gröning (e-post linda.groning@uib.no)
  • Utfyllande informasjon om rekrutteringsprosessen og tilsettingsvilkår kan ein få ved å vende seg til HR ved fakultetet (e-post hrjur@uib.no)

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Den som blir tilsett, må rette seg etter dei retningslinjene som til ei kvar tid gjeld for stillinga. 

Nærare om tilsettingsprosessen her.       

Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted