Universitetet i Bergen
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/M5n6RnScNgA
Stipendiat i nordisk språkved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium
Er du interessert i språkforsking?
Velkomen som søkar til ei stipendiatstilling i nordisk språk ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE). Stillinga er knytt til forskargruppa i nordisk språk. Planlagd oppstart er 01.02.2026, eller etter avtale. Stillinga er for ein åremålsperiode på fire år.
Om instituttet:
LLE har kring 80 vitskaplege tilsette, 17 administrativt tilsette, rundt 40 ph.d.-kandidatar og sju postdoktorar. Instituttet femner om faga allmenn litteraturvitskap, digital kultur, klassiske fag, kunsthistorie, nordisk litteratur, nordisk språk og nordisk fagdidaktikk, norrøn filologi, norsk som andrespråk, allmenn språkvitskap og teatervitskap. Bokmålsordboka, Nynorskordboka og Norsk Ordbok blir redigerte ved LLE, instituttet driv den nasjonale språkinfrastrukturen Clarino, og eit nasjonalt senter for norsk fagspråk finansiert av Noregs forskingsråd startar opp her høsten 2025.
Om stipendiatstillinga og forskarutdanninga:
Stipendiatstillinga har som hovudmål å leie fram til ein ph.d.-grad, som kvalifiserer for sjølvstendig forskingsverksemd og for anna arbeid i samfunnet som krev særleg kompetanse.
Samla stipendperiode er fire år, der 2,5 år er sett av til arbeid med sjølve doktorgradsprosjektet, mens eitt år av tida blir nytta til karrierefremjande arbeid innan undervisning, formidling og administrasjon. Plan for denne delen av stillinga blir avtalt med instituttet ved tilsetjing.
Stipendiatar skal delta i Det humanistiske fakultetet sitt ph.d.-program. Ph.d.-programmet inneheld ein opplæringsdel på 30 studiepoeng, som til saman utgjer eitt semester. Dei resterande seks månadene er satt av til denne opplæringsdelen.
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Søkar må ha norsk mastergrad i nordisk språkvitskap, eller annan norsk eller utanlandsk grad som dokumenterer likeverdig kompetanse som fell inn under forskingsfelta til forskargruppa. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd innan søknadsfristen går ut. Annan grad enn norsk mastergrad blir vurderte etter krav frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse, og opptakskrava for ph.d.-programmet ved Det humanistiske fakultet.
- Søkar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert, og ha gode samarbeidsevner.
- Søkar må kunne delta i undervisning og administrasjon på eit skandinavisk språk ved tilsetting, i tillegg til engelsk.
- Søkar må kunne vurdere studentarbeid skrivne på begge dei norske skriftspråka.
Søkarar vil bli vurderte etter opptakskrav frå Det humanistiske fakultet, etter Ph.d.-programmets pkt. 2.1.
Søkarar må leggje fram ei prosjektskisse til eit forskingsprosjekt som skal munne ut i ei doktorgradsavhandling, og ein framdriftsplan for prosjektet. Prosjektet skal utforske ein tematikk som fell inn under forskargruppa sine forskingsfelt. Forskargruppa forskar for tida på disse temaa:
- Språkhistorie og språkendring
- Talt språk, både dialekt og standard, og språkhaldningar
- Semantikk og pragmatikk
- Språkkontakt og arvespråk
- Fagspråk og terminologi
- Norsk som andrespråk og fleirspråklegheit
- Fonologi, morfologi og syntaks
- Tekstlingvistikk
- Person- og stadnamn
- Nordisk fagdidaktikk med språkleg innretning
- Leksikografi
- Språkpolitikk og språkplanlegging
Ved vurderinga av søknadene blir det lagt vekt på den vitskaplege kvaliteten i prosjekta, kor gjennomførleg dei skisserte prosjekta er, samt dei faglege grunnkvalifikasjonane til søkarane. Ved tilnærma like kvalifikasjonar mellom dei rangerte søkarane, vil det bli lagt vekt på fagstrategiske omsyn, motivasjon og kor personleg eigna søkarane er.
Vi tilbyr:
- Eit godt og fagleg utfordrande arbeidsmiljø.
- Brutto årsløn på kr 568 700 i full stilling (kode 1017). Vidare lønsopprykk skjer etter ansiennitet i stillinga.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse.
- Gode velferdsordningar
Slik søker du stillinga:
Søknaden skal sendast elektronisk via lenkja «SØK STILLINGA» på denne sida. Søkaren må nytte det elektroniske CV-skjemaet. Søknaden skal innehalde:
- Prosjektskisse (inntil fem sider/12 000 teikn medrekna mellomrom, litteraturliste ikkje medrekna). Prosjektskissa skal skildre det vitskapelege prosjektet tydeleg, med forskingsbakgrunn, hovudproblemstillingar, teori, metode og etiske aspekt.
- Litteraturliste for prosjektskissa.
- Framdriftsplan for prosjektet.
- Ei kort utgreiing om søkaren sine forskingsinteresser og motivasjonen for å søke stillinga.
- CV.
- Karakterutskrift og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom omfanget på masteroppgåva ikkje er oppgitt i karakterutskrifta eller vitnemålet for mastergraden, må det leggjast ved stadfesting frå den gradgjevande institusjonen som spesifiserer oppgåva sitt omfang i ECTS.
- Eit kort samandrag av masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve (inntil tre sider).
- Liste over eventuelle faglege publikasjonar (publikasjonsliste).
- Eventuelle publikasjonar (inntil tre).
- Relevante attestar.
- Namn og kontaktopplysningar til to referansepersonar, der ein av desse må vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
Søknad og vedlegg må vere på norsk, eit anna skandinavisk språk eller engelsk. Dokumentasjon på andre språk må følgjast av attestert omsetjing. Vedlegga kan vere i Word- eller PDF-format, og må lastast opp i Jobbnorge innan søknadsfristen.
Vurderingskomiteen kan i særskilde tilfelle be om ettersending av dokumentasjon.
Aktuelle søkarar vil bli invitert til intervju.
Nærare om tilsettingsprosessen her.
Andre opplysningar:
Kandidatar som tidlegare har hatt doktorgradsstipend ved Universitetet i Bergen, kan ikkje søkje.
Tilsetjingsperioden kan bli redusert dersom den som blir tilsett tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling.
Tilsetjing i stillinga krev at ein har sin daglege arbeidsplass ved Universitetet i Bergen og at ein rettar seg etter dei retningslinene som til ei kvar tid gjeld for stillinga.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å kontakte forskargruppeleiar professor Agnete Nesse, e-post: Agnete.Nesse@uib.no, telefon:+47 55 58 61 85 eller fagkoordinator for nordisk språk førsteamanuensis Helga Mannsåker, e-post: Helga.Mannsaker@uib.no, telefon: +47 55 58 24 29.
Spørsmål om den elektroniske søknadsprosessen kan rettast til Det humanistiske fakultet på e-post: fakadm@hf.uib.no.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar menn om å søke. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5