Universitetet i Bergen
UiB – Kunnskap som formar samfunnet
Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda – globalt, nasjonalt og lokalt – skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.
Vil du vere med å forme framtida?
. Video: https://youtu.be/vtJLmcUJ3-w
Stipendiat
Ved Geofysisk institutt er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i fysisk oseanografi. Stillinga er knytt til Bjerknessenteret for klimaforskning. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning).
Vi søkjer ein motivert og høgt kvalifisert Ph.d.-kandidat til å bli med i vårt team.
Om prosjektet/arbeidsoppgåver
Ph.d.-studiet vil fokusere på prosessar knytt til vassutvekslingar ved kanten av kontinentalsokkelen i Sør-Weddelhavet, Antarktis, med eit særleg fokus på innstrøyming av varmare vassmassar frå djuphavet til kontinentalsokkelen i Filchner-renna.
Ph.d.-kandidaten vil undersøkje korleis batymetri, utstrøyming av tungt vatn, sesong- og årleg variasjon i hydrografi og atmosfæriske pådrag påverkar den varme innstrøyminga. Kandidaten vil prosessere og bruke altimetridata frå den nye Surface Water and Ocean Topography (SWOT) i kombinasjon med konvensjonelle altimetrimetodar og eksisterande in situ-observasjonar. In situ-observasjonane inkluderer måleriggar og skipsbaserte målingar av straum og hydrografi.
Rettleiarane vil vere professor Elin Darelius (UiB) og Antonio Bonaduce (Stiftelsen Nansen senter for miljø og fjernmåling – NERSC). Ph.d.-kandidaten vil bli innskriven og tilsett ved Universitetet i Bergen og arbeide tett med forskarar frå NERSC, som er lokalisert i same bygning som Geofysisk institutt. Som Ph.d.-kandidat ved Geofysisk institutt vil du vere tilknytt Bjerknessenteret for klimaforsking (BCCR). BCCR er det største klimaforskingssenteret i Norden og blant dei leiande sentera i Europa. Arbeidsmiljøet er svært internasjonalt med rundt 200 forskarar frå 37 land.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må ha oppnådd mastergrad eller tilsvarande utdanning i fysisk oseanografi, meteorologi, klimadynamikk, fysikk, anvendt matematikk eller relaterte og relevante felt. Masterstudentar kan søkje dersom dei fullførar den endelege mastereksamen før 30. juni 2025. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje.
- Ei god forståing av fysiske prosessar og dynamikk i havet er eit krav.
- Gode ferdigheiter i matematikk og vitskapleg programmering (ideelt sett Matlab eller Python) er eit krav.
- Erfaring med tidsserieanalyse er ein fordel.
- Erfaring med satellittaltimetridata på dei ulike prosesseringsnivåa er ein fordel.
- Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig og strukturert og ha gode samarbeidsevner.
- Søkjarar må ha gode skriftlege og munnlege engelskkunnskapar.
Personlege og mellommenneskelege eigenskapar vil bli lagt vekt på. Ambisjonar og potensial vil også telje ved vurdering av kandidatane.
Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.
For stillinga gjeldt følgande
Samla stipendperiode er 3 år, med høve til eit 4. år som består av karrierefremmande arbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sine kvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.
Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.
Om forskarutdanninga
Som ph.d. stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram for ein ph.d.- grad innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Fakultet for naturvitenskap og teknologi er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.- studiet ved Universitetet i Bergen.
Vi tilbyr:
- eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø
- løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 540 500,-. Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet.
- medlemskap i Statens pensjonskasse
- gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- ei kort utgreiing om forskingsinteresser og motivasjonen for å søkje stillinga
- namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva eller tilsvarande oppgåve.
- CV
- karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål innan tilsetjing.
- relevante attestar
- godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
- eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste med lenker)
- eventuelle publikasjonar
Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til:
professor Elin Darelius, Geofysisk institutt, UiB (elin.darelius@uib.no), eller førsteamanuensis Kjersti Birkeland Daae, Geofysisk institutt, UiB (kjersti.daae@uib.no)
For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med rådgjevar Maria Svåsand, Fakultet for naturvitenskap og teknologi, UiB (maria.svasand@uib.no)
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Livet som ph.d.-kandidat ved UiB
Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=Eo3Z63yzkKA&list=PLf8ZIYfAO0qjhROTj6SthDbSScg0lSO6G&index=5