Stillingar som kan kombinerast med til dømes studiar

  • Deltid
  • LÆRDAL, NORGE
  • Publisert: 4 dager siden
  • 25. oktober 2025

Lærdal kommune Bu- og miljøtenesta

I Lærdal bur me ikkje meir enn rundt 2 200 menneske, men jammen skjer det mykje her! Store marknadar, musikkfestival, matfestival, gytefestival (Du får berre googla), varierte konsertar, motbakkeløp, terrengløp, fotballcup med gamle stjerner, vårfest og mykje anna.

Me har majestetiske fjell med eit vel av fantastiske turalternativ både til fots og på ski, masse fiskevatn og gode jaktmoglegheiter. Og me har eit koseleg sentrum heilt ned til fjorden med gamle, søte trehus. På dei mange åkrane i dalen dyrkar dyktige bønder poteter, grønsaker, bær og frukt i rikt monn. 

Kommunen vår er faktisk veldig sentralt plassert – tre timars køyring til Bergen ein veg, fire timars køyring til Oslo andre vegen. Dessutan ligg «bygdebyen» Sogndal og turistmagneten Aurland berre ein dryg halvtime unna. Og me har lokalsjukehus. 

Bu og miljøtenesta gjev tenester til unge og vaksne med varierande funksjonsnedsetjingar, og til personar med psykiske lidingar.

Kvalifikasjonskrav til søkjar:

Stillinga er open på kompetansekravet, alle kan søkja! Stilling som helg- og/eller tilkallingsvikar kan til dømes kombinerast med anna deltidsstilling eller studiar/utdanning.

Arbeidsoppgåver:

  • Målretta miljøarbeid
  • Praktisk bistand
  • Delta på ulike aktivitetar
  • Være ein trygg rollemodell

Personlege eigenskapar:

  • God til å samarbeida og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
  • Ansvarsbevisst og lojal
  • Fleksibel
  • Det vert lagt vekt på personlege eigenskapar

Me kan tilby:

  • Løn etter tariff
  • Pensjonsinnbetaling KLP 2 %
  • Betalte matpausar

Det kan nemast at Lærdal kommune mellom anna har:

  • Full barnehagedekning
  • Gratis fulltids-SFO for 1. og 2.klassingar, gratis deltids-SFO for 3.klassingar.
  • Gratis kommunale bustadtomter rett ved Borgund sentrum
  • Eit variert kommunalt kulturprogram i tillegg til alt det andre som skjer i bygda

Les meir om Lærdal ved å klikka på denne lenkja

Link til søknadsskjema: Søk her

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted