Stillingar som brukarstyrt personleg assistent/ BPA

  • Deltid
  • SKJÅK, NORGE
  • Publisert: 1 uke siden
  • 10. august 2025

Skjåk Kommune Sentraladministrasjon

Vi har to ledige stillingar som brukarstyrt personleg assistent (BPA). Stillingane er delstillingar og er ledige frå dags dato. Brukarane har vedvarande hjelpebehov for personleg assistanse til daglege gjeremål.

Stilling nr. 1 er ei delstilling på 22%

  • Arbeidet er for tida delt på 2 dagar, tysdag frå kl. 11-16 og fredag frå kl. 11-14, dvs. 8 timar pr. veke. I tillegg er det vedtak om 50 timar pr. år som skal nyttast etter nærare avtale med brukar

  • Tenesta er for ei dame i 50 åra

Stilling nr. 2 er ei delstilling på 28%

  • Arbeidet er for tida delt på 3 dagar, måndag, tysdag og torsdag. (Dagane kan endrast etter avtale med brukar)

  • Tenesta er for mannleg rullestolbrukar i 50-åra

Stillingane kan kombinerast i ei 50% stilling.

Informasjon om brukarstyrt personleg assistent tenesta

Ein brukarstyrt personleg assistent legg til rette for at tenestemottakaren får eit mest mogleg og sjølvstendig liv på tross av utfordringar i kvardagen. Eksempel på dette kan vere transport til naudsynte gjeremål og avtalar, hjelp til praktiske oppgåver i heimen, trening, personleg stell, tilrettelegging for mat og måltid.

Tenesta blir utført i heimen til brukar, og det er avgjerande at du kan samarbeide tett med brukar.

Tenesta er styrt av brukar, og opplæring vert gjeve i heimen. Kommunen har arbeidsgjevaransvaret.

Arbeidet kan vere noko fysisk belastande.

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskje om fagbrev som helsefagarbeidar, men dette er ikkje eit krav

  • Det er ein fordel å ha erfaring med liknande arbeid

  • Førarkort klasse B

  • God norskkunnskap

  • Godkjent politiattest

Vi vektlegg at du

  • Er fleksibel i høve til omstillingar

  • Har evne til å arbeide sjølvstendig

  • Har gode samarbeidsevner

  • Tek sjølvstendig initiativ til aktivitet

  • Har generell forståing for bruk av teknologi

  • Dokumenterer i høve til lover og forskrifter

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, og brukar sine ynskje vil bli tillagt stor vekt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Tilsetting på kommunale vilkår med løn etter avtale

  • Pensjonsordning i KLP

Spørsmål om stillingane kan rettast til Gudrun Teigen mobil 95982598.

Andre stillingsstorleikar kan og bli ledige, og du er også velkomen til å søkje dersom du er interessert i å vere tilkallingsvikar i tenesta.

Søknadsfrist 11.08.2025.

  • Elektronisk søknadsskjema

  • Søkjarlista vil bli offentleggjort

Kommunedirektøren