Kirurgisk serviceklinikk/ Sterilsentralen, Helse Bergen HF
Sterilsentralen er ein seksjon i Sterilforsyning og støtteavdelinga som leverer sterilt fleirgongsutstyr til avdelingane som utfører pasientbehandling. Vi mottar mange typar kirurgisk utstyr som skal kontrollerast, pakkast og steriliserast etter nasjonal og internasjonal standard. Vi tel rundt 50 tilsette, og er ein travel seksjon med korte leveringsfristar. Vi leverer til avdelingar i heile sjukehuset,- også til avdelingar med avstand der leveranse med bil er nødvendig.
Sterilsentralen er ei produksjonseining i endring. Vi planlegg flytting av dagens Sterilsentral. Vi skal inn i nye lokale som er under bygging. Vi samlar reingjering, desinfeksjon og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr frå alle einingar i sjukehuset. Dagens oppgåver i Sterilsentralen vil endrast i takt med denne utviklinga. Avdelinga forventar at ein søker fagskuleutdanning i Sterilforsyning når ein blir oppmoda til det.
Vi har ledig 2 faste stillingar frå snarast.
Arbeidsoppgåver
- Mottak, kontroll, vedlikehald, emballering og sterilisering av kirurgisk gjenbruksutstyr
- Arbeid på lokasjonar utanfor sjølve Sterilsentralen
- Kommunikasjon med dei ulike avdelingane i sjukehuset som nyttar Sterilsentralen sine tenester
- Etter opplæring og oppnådd tryggleik på alle arbeidsstasjonar, vil du også få ansvarsvakter
- Reinhald av lokala i Sterilsentralen
- Arbeidsoppgåvene vil endre seg i takt med utviklinga i faget og drifta
- Reingjering av nyleg brukt utstyr fra operasjonane
Kvalifikasjonar
- Det er ønskeleg med erfaring frå reinhald
- Det er ønskeleg at du har kjennskap til IKT som arbeidsverktøy
- Du må meistre norsk både munnleg og skriftleg
- Du har interesse for helse, hygiene og pasientsikkerheit og søker meir kunnskap om fagområda
- Du er kvalifisert for opptak til fagskuleutdanninga eller du har fullført fagskulen
Personlege eigenskapar
- Du må vere eigna for oppgåvene
- Du arbeider nøye og strukturert – også under høg aktivitet
- Du er fleksibel, endringsvillig og kan arbeide både i team og aleine
- Serviceinnstilt og hyggeleg
- Du er i god fysisk form, arbeidet kan vere krevande for skuldre, nakke og rygg
Vi tilbyr
- Lønn iht gjeldande overeinskomst
- 3-delt turnus (dag, kveld og natt), med arbeid pt. kvar fjerde helg
- Fast mentor
- Ein god arbeidsplass med trivelege, svært erfarne og kunnskapsrike kollegaer
- Kurs og oppdateringar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Vigdis Haram, Seksjonsleiar, 55976246
Arbeidsstad
Haukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5051992736
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.12.2025