Statsautorisert rekneskapsførar som etter kvart vil bli dagleg leiar

  • Heltid
  • STRYN, NORGE
  • 21. desember 2025

Stryn Rekneskapslag SA

Vil du vere med å forme framtida til eit rekneskapslag med lang erfaring og høg tillit.
Vi ser etter ein autorisert rekneskapsførar som har lyst på nye utfordringar – og etter kvart vil leie heile laget.

Hva vi ser etter

Vi ser for oss at du kjenner deg igjen i nokon av desse punkta:

  • Har relevant høgare utdanning innan rekneskap, økonomi eller revisjon

  • Er autorisert rekneskapsførar

  • Kanskje har litt erfaring frå leiarstilling, gjerne innan rekneskap, rådgjeving eller næringsliv?

  • Har lyst til å utvikle både deg sjølv og laget du jobbar med

  • Er strukturert, løysingsorientert og har gode kommunikasjonsevner

    Vil du vite meir?

    Har noko i annonsa fanga di interesse, men du er usikker på om du passar heilt? Ta gjerne kontakt — vi forklarer gjerne kva vi meinar og finn ut om dette kan vere noko for deg.

Arbeidsoppgaver

Du vil få oppdragsansvar for eigne kundar, herunder ansvar for rekneskapsleveransen.

Dette innebær:

  • Rekneskapsføring og løn

  • Periodisk avslutning og rapportering

  • Overordna kvalitetsansvar ihht. lover og reglar

  • Årsoppgjør med ferdigstilling av årsrekneskap/ skattemelding

Vi tilbyr

Vi kan tilby:

  • Ei spennande og variert rolle i eit lag med lange tradisjonar — men blikket retta framover

  • Moglegheita til å påverke og utvikle både rekneskapslaget og kundane våre

  • Eit fagleg sterkt og inkluderande arbeidsmiljø

  • Konkurransedyktige vilkår, fleksibel arbeidstid og høve til fagleg utvikling

  • Jobbe i eit miljø som set fokus på kvalitet og kundetilpassa løysingar.

  • Fleksibel arbeidstid

  • Kontoret tilbyr AFP