Samferdselsområdet, Møre og Romsdal fylkeskommune
Er du vår nye stabsrådgivar? Du får arbeide med koordineringa av fagavdelingane FRAM og Fylkesveg som utgjer tenesteområdet samferdsel. Stabsrådgivarstillinga er underlagt samferdselsdirektøren.
Koordineringsansvaret bygg i stor grad på overordna plan- og rapporteringsarbeid og strategisk leiarstøtte/-styring innanfor tenesteområdet. Stabsrådgjevaren skal ivareta oppgåver innanfor tenesteområdet/sektoren sin overordna koordinering knytt til politiske saker, styringsdialog og overordna strategisk planarbeid. Rådgjevaren skal rapportere direkte til samferdselsdirektør og ass samferdselsdirektør, og opptrer på vegne av dei same i bestillingar mm til fagavdelingane.
Vi har kontorstadar i Molde, Ålesund og Kristiansund og du kan sjølv velje kontorstad. For denne stillinga må ein pårekene jamnleg oppmøte på kontora i Molde.
Arbeidsoppgåver
Bistå sektorleiinga med å ivareta styrings- og koordineringsfunksjonar, ma ved å;
Støtte sektorleiinga med strategisk rådgjeving og administrative oppgåver innan planlegging, koordinering, og implementering av ulike prosjektar og initiativ innan heile samferdselsområdet.
Bistå i arbeidet med leiaravtalar, styrings- og oppdragsnotat, verksemdsplanar, m.m.
Til ei kvar tid ha oversikt/status over saker frå samferdselsområdet til politiske utval samt bestillingar frå politisk til administrasjon
Sjølvstendige utgreiings- og analyseoppdrag ved behov
Sikre gode samarbeidsrelasjonar og god kommunikasjon i rutinar og leveransar innan fagområdet
Bistå med prosessleiar-/prosjektleiarkompetanse i arbeid staben har ansvar for (td. økonomiplan, fylkesplan, mm)
Andre oppgåver tillegges ved behov
Kvalifikasjonar
Utdanning på masternivå innen relevante fagområder som samfunnsvitenskap, samfunnsplanlegging eller liknande.
Personalleiarerfaring eller annen relevant leiarerfaring
Erfaring frå arbeid med poltiske saker
Erfaring med langsiktig strategiarbeid
God prosessforståing
God skriftleg og munnleg formidlingsevne
Personlege eigenskapar
-Er initiativrik og løysingsorientert
-Har stor arbeidskapasitet og er engasjert
-Gode samarbeidsevne
Vi tilbyr
" ei utfordrande stilling i eit arbeidsmiljø kjenneteikna av stor profesjonalitet og sterke fagmiljø
" god tilgang til faglege nettverk og fagleg utvikling
" offentleg pensjonsordning, gruppelivs- og ulykkesforsikring
" løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Jesper Wiig, Samferdselsdirektør , 97586533, Jesper.Wiig@mrfylke.no
Magne Arild Vinje, Ass. Samferdselsdirektør, 91378582, Magne.Arild.Vinje@mrfylke.no
Arbeidsstad
Julsundvegen 9
6412 MOLDE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune
Referansenr.: 4970203386
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2025