St.nr. 23/2025 – Førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i journalistikk

  • Heltid
  • VOLDA, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 31. august 2025

Høgskulen i Volda

Om stillinga

Ved Høgskulen i Volda, Avdeling for mediefag, Institutt for journalistikk, er det ledig ei 100 % fast stilling som førsteamanuensis / førstelektor / høgskulelektor i journalistikk frå 1. januar 2026.

Stillinga omfattar undervisning, rettleiing, forsking og fagleg utviklingsarbeid innan journalistikkfeltet, og vil vere ein del av avdelinga si vidare satsing på fleirmedial og digital journalistikk. Dagleg arbeidsstad er Høgskulen i Volda.

Kvalifikasjonar

Den som vert tilsett må ha:

– Mastergrad i journalistikk, mediefag eller tilsvarande
– Solid og relevant journalistisk praksis frå fleire plattformer (nett, radio, tv og/eller print)
– God forståing for journalistikkens samfunnsrolle og redaksjonell praksis
– Undervisningserfaring frå høgare utdanning og/eller dokumentert praktisk pedagogisk kompetanse
– God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk og engelsk

Det er ein fordel om du har:
– Doktorgrad innan journalistikk eller relevante fag
– Forsking eller utviklingsarbeid innan journalistikk
– Kompetanse innan datajournalistikk, verifikasjon, research og kjeldearbeid
– Erfaring med utviklings- eller forskingsprosjekt
– Bransjekontakt og internasjonalt nettverk

 

Personlege eigenskapar

– Evne til å arbeide sjølvstendig og i team
– Interesse for studentaktiv undervisning
– Engasjement for journalistikk som fag og samfunnsoppdrag

Søkarar med doktorgrad vil bli prioritert. Dersom du ikkje har doktorgrad, men har annan relevant kompetanse, vil du bli vurdert til førstelektor- eller høgskulelektorstilling.
Dersom doktorgrad er under sluttføring, må dette dokumenterast. Det kan stillast vilkår om at graden blir fullført innan seks månader etter tilsetjing.

Søkaren må ha gode norsk- og engelskkunnskapar, både skriftleg og munnleg. Undervisings- og administrasjonsspråket ved høgskulen er norsk. 

For kvalifikasjonar på ulike kompetansenivå (førsteamanuensis, førstelektor og høgskulelektor), viser vi til: Forskrift om ansettelse og opprykk i undervisnings- og forskerstillinger

Når det gjeld kravet om pedagogisk basiskompetanse for tilsetjing i stilling som førsteamanuensis,  viser ein til HVO sine interne retningslinjer for pedagogisk basiskompetanse: https://www.hivolda.no/sites/default/files/documents/mal-pedagogisk-basiskompetanse-ved-hvo-forsteamanuensis.pdf

Aktuelle søkarar kan bli kalla inn til intervju og prøveundervising. Tilsetjing vil skje i tråd med dei faglege behova ved instituttet.

 

Arbeidsfelt

– Undervisning og rettleiing på bachelor- og masternivå
– Fagleg utvikling og undervisningsutvikling
– Aktiv deltaking i forskargruppe og utvikling av prosjekt
– Bidrag til forskings- og utviklingsarbeid, gjerne i samarbeid med mediebransjen
– Emneansvar og anna fagleg-administrativt arbeid

Vi tilbyr

Varierte og samfunnsretta arbeidsoppgåver i eit inkluderande og godt fagmiljø
– Gode vilkår for forsking, inkludert deltaking i forskargrupper
– Kollegabasert mentorordning for nye tilsette
– Eit godt arbeidsmiljø med motiverte studentar og tilsette

– Løn etter kvalifikasjonar i statens lønsregulativ:

Stillinga er løna etter kompetanse og kvalifikasjonar i statens lønsregulativ med normal årsløn ved Høgskulen I Volda. Høgskulelektor 1008 kr. 598407 – 754 106, førstelektor 1198 kr. 733517 – 829487 og førsteamanuensis 1011 kr. 663097- 838210.

Generell informasjon

Ved HVO er vi opptatt av mangfald. Medarbeidarar med ulik livserfaring vil gjere oss i stand til å finne  gode løysingar på arbeidet vårt. Vi oppmodar difor alle til å søke stillinga utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkommen til å søke sjølv om du ikkje kan vise til ei samanhengande yrkeskarriere. Lokala er universelt utforma, og vi legg tilhøva til rette for personar med nedsett funksjonsevne.

Dersom du har nedsett funksjonsevne, innvandrarbakgrunn eller hol i CV kan du bli positivt særbehandla om du kryssar av for dette når du søker stillinga. Vi vil invitere minst éin kvalifisert søkar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli positivt særbehandla på denne måten, må du oppfylle visse krav. Les meir om dette på arbeidsgiverportalen.

Tilsetjing skjer på dei vilkåra som følgjer av lov om offentlege tenestemenn, regulativ, reglement og instruksar som til ei kvar tid gjeld for stillinga, mellom anna lovfesta innskot i Statens pensjonskasse.

Aktuelle kandidatar vert innkalla til intervju. Søkjarar som vert kalla inn til intervju, må ta med originalar av vitnemål og attestar for å dokumentere dei elektronisk innsende vedlegga.

Om søknaden

Alle som søker stillinga må søke digitalt gjennom rekrutteringsportalen Jobbnorge. Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vi gjer merksam på at søknaden blir vurdert ut frå informasjon som ligg føre ved utløp av søknadsfristen. Det er viktig at du viser korleis din kompetanse fyller kriteria for stillinga

Offentleg søkarliste blir utarbeidd etter at søknadsfristen er ute. Dersom du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må dette grunngjevast i Jobbnorge. Du vil bli varsla om reservasjon ikkje blir tatt til følge.

Kontakt

Nærare opplsyningar om stillinga får ein ved å kontakte Instituttleiar Hans Martin Dypvik, tlf.: 70 07 5086 / 911 02 154, e-post: hamd@hivolda.no. Eller dekan Ivar John Erdal, e-post: ivar.john.erdal@hivolda.no

Studiebygda Volda

Midt mellom fjord og fjell på spektakulære Sunnmøre finn du Høgskulen i Volda, med sine lange tradisjonar.

Les meir på www.hivolda.no

. Video: https://www.youtube.com/watch?v=wSlL1WkuUXc

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted