Spesialsjukepleiar/sjukepleiar

  • Deltid
  • ÅLESUND, NORGE
  • Publisert: 2 uker siden
  • 7. oktober 2025

POLIKLINIKK BARN OG UNGDOM VOLDA OG ÅLESUND, Helse Møre og Romsdal HF

Vi har ledig vikariat som kontaktsjukepleiar for Epilepsipasientar!

Stillinga som er ledig er pr idag 30% vikariat frå snarast til 29.03.26 

Poliklinikk barn og ungdom er ein seksjon i Avdeling for kvinner, barnemedisin og habilitering, og er organisert i Klinikk Ålesund. Seksjonen yter helsehjelp i forhold til utgreiing, diagnostisering og behandling innan fagfeltet barnemedisin. Vi har eit godt fagleg miljø, samt eit godt arbeidsmiljø der pasienten er i fokus. 
Tilsette i seksjonen er samansatt av spesialsjukepleiarar, sosionom og merkantilt personell. Seksjonsleiar er nærmaste leiar for desse faggruppene. 

Arbeidsoppgåver

  • Vere kontaktperson for pasientar og føresette
  • Handtere behovsstyrt poliklinikk og bruk av CheckWare 
  • Gje tilbakemelding på henvendelsar frå dedikert mobiltelefon 
  • Vere ein viktig samarbeidspartnar for legane med pasientansvar for barn og ungdom i målgruppa 
  • Rettleiing til føresette 
  • Samarbeidspartnar ved planlegging og gjennomføring av digitalt heildagskurs i epilepsi

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning 
  • Kjennskap til pasientgruppene innan barnemedisin 
  • Vi forutsett at søkar meistrar norsk/skandinavisk språk både skriftleg og munnleg 

Personlege eigenskapar

  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til samarbeid
  • Du har god fagleg vurderingsevne, og arbeider strukturert og målretta
  • Du er fleksibel og håndterer variasjon i arbeidsmengde og arbeidsoppgåver 
  • Du er lærevillig og nysgjerrig på ny kunnskap 
  • Du har god heilskapsforståing 
  • Du kan arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner, – også på tvers av faggrupper

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. 

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Vi ber om at attestar og vitnemål scannes og lastas opp som vedlegg til din CV. 

Kontaktinformasjon

Ingvill Hareide, Seksjonsleiar, Ingvill.Hareide@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5
6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF

Referansenr.: 5014413503
Stillingsprosent: 30%
Vikariat
Startdato: 29.09.2025
Sluttdato: 31.03.2026
Søknadsfrist: 08.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted