Fagteam barnehage, Klepp kommune
Fagteam barnehage i Klepp kommune har ledig 100 % stilling som spesialpedagog/pedagog med vidareutdanning med oppstart august 2025.
Som spesialpedagog/støttepedagog vil du utføra arbeid i kommunale og private barnehagar i Klepp kommune.
Vi søkjer deg som er engasjert, sjølvstendig og fagleg trygg. Du må og ha gode samarbeidsevner. Klepp kommune kan tilby et fagleg spennande miljø, rettleiing og konkurransedyktig lønn.
Arbeidsoppgåver
Ansvar for oppfølging av enkeltvedtak og spesialpedagogisk hjelp, samt utarbeiding av IUP i nært samarbeid med pedagogiske leiar og leiar i barnehagen.
Rettleiing av tilsette og foreldre.
Sørge for at barn får den utviklingsstøtta dei treng, og leggja til rette for å gje barna eit inkluderande og likeverdig tilbod.
Kvalifikasjonar
Barnehagelærar
Andre med sosialfagleg høgskuleutdanning
Vidareutdanning innan spesialpedagogikk eller andre relevante område
Gode ferdigheter i norsk; både muntlig og skriftlig
Sertifikat klasse B
Dei som blir tilbydd stilling må leggje fram politiattest, jf. Barnehagelova §30. Attesten skal ikkje være eldre enn 3 måneder.
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål, i PDF-format, sammen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være NOKUT-godkjente (hkdir.no) og utenlandske attester oversatte til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller syke også kan gi uttelling på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskapar
– Du har interesse og eit ønske om å arbeide med barn
– Gode kommunikasjons og samarbeidsevner
– Bidra til å skape eit best mogeleg lærings- og utviklingsmiljø i barnehagane
– Engasjert og positiv
– Fleksibel og sjølvstendig
– Fagleg trygg
– Løysningsorientert og imøtekomande
– Høgt nærvær
Det blir lagt vekt på om søkjaren er personleg eigna til jobben
Vi tilbyr
Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetjing skjer for øvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram av utlysing, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.
Lønn i høve til lokal lønnspolitikk
Kontaktinformasjon
Ragnhild Herigstad Aase, Leiar Fagteam/Sørhellet barnehage, +47 97089086
Arbeidsstad
Engrappstubben 1
4351 Kleppe
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 4947204771
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 28.04.2025