Spesialkonsulent Ørsta vidaregåande skule/Ressurssenteret for Søre Sunnmøre

  • Heltid
  • ØRSTA, NORGE
  • Publisert: 2 timer siden
  • 22. oktober 2025

Ørsta vidaregåande skule, Møre og Romsdal fylkeskommune

Ørsta vidaregåande skule er ein tradisjonsrik yrkesskule med ein unik historie over meir enn 75 år, der vi utdannar yrkesutøvarar i nærmiljøet, regionen og fylket. 

Vi har no ledig ei fast stilling som spesialkonsulent. Ørsta vidaregåande skule er den største yrkesfaglege skulen på Søre Sunnmøre med ca 350 elevar og 80 tilsette. Vi har no også fått ansvar for den yrkesfaglege vaksenopplæring for Søre Sunnmøre, og har rundt 50 elevar knytt til ressurssenteret vi er i ferd med å bygge opp. Denne spesialkonsulentstillinga vil dels vere knytt til vaksenopplæringa, og der du får høve til å vere med bygge opp ei ny avdeling ved skulen. I tilleggD vil det også verte lagt sentrale støtteoppgåver knytt til den ordinære skuledrifta til stillinga. Stillinga vil ha varierte oppgåver, med mange utfordringar. som gir ein spennande arbeidskvardag. Du må like å arbeide utadretta, og kunne kommunisere godt med ungdomar og vaksne elevar med ulik bakgrunn, med andre tilsette ved skulen, og med eksterne samarbeidspartnarar. Vi håpar også på at du kan få vere med på å utvikle og ta i bruk eit nytt flott skulebygg i løpet av få år. Skulen er også ein aktiv Erasmus-skule, og har kvart år internasjonal utveksling til land som Spania, Polen og Italia. 

Arbeidsoppgåver

Du vert ein del av vårt team i administrasjonen som i det daglege har som si viktigaste oppgåve å sørve elevar, tilsette, føresette og eksterne samarbeidspartnarar. Saman i teamet finn vi dei gode løysingane. 

– Vere administrativ støtte til leiar for vaksenopplæringa
– Kartleggingssamtalar og saksbehandling av vaksne deltakarar  
– Bistå med formidling og koordinering av arbeidspraksis i samarbeid med aktuelle praksisplassar for vaksne deltakarar
– Ha aktiv dialog og samarbeid med kommuner, private foretak, NAV, Oppfølgingstenesta (OT) og flyktningtenesta om deltakarar i vaksenopplæring
– Arbeide med dokumentasjon knytt til opplæringa 
– Økonomi, til dømes budsjettering, rapportering, e-bilag, innkjøpsansvar, utfakturering og fakturahandsaming. 
– Bidra inn mot skulen sine internasjonaliseringsprosjekt og administrasjon av Erasmus-prosjekt 
– Førsteline sentralbord og skranke 
– Igangsetting av undervisning ved behov

 
Skulen nyttar ulike administrative system, til dømes InSchool, Teams, WebSak+, Vigo, Visma Enterprise og Compilo

Avhengig av kompetansen til den som blir tilsett kan fordeling av arbeidsoppgåver også vere annleis. Arbeidsoppgåver vil også kunne endre seg framover, og det er viktig at den som vert tilsett er utviklingsorientert og proaktiv i høve oppgåver som må gjerast.

Kvalifikasjonar

Vi søker deg som har bachelorgrad innanfor økonomi og administrasjon, eller til dømes pedagogisk utdanning, og med kompetanse og erfaring frå økonomisk og administrativt arbeid. Lang arbeidserfaring og opparbeidd kompetanse kan erstatte høgre utdanning.

Personlege eigenskapar

– Arbeider godt både sjølvstendig og i team
– Serviceinnstilt og har god gjennomføringsevne
– God kommunikasjonsevne og relasjonskompetanse
– Du er utviklings- og løysningsorientert, og interessert i å dele kompetansen din
– Du er ein pådriver i forenkling og forbetring av prosessar ved skulen      
– Likar varierte arbeidsdager med til tider høgt tempo

Personlege eigenskapar vil verte vektlagt

 

Vi tilbyr

– Raus organisasjonskultur der vi vil kvarandre vel, ser kvarandre, og bidreg inn mot fellesskapet
– Spennande og variert stilling 
– Kurs og opplæring etter behov 
– Offentleg tenestepensjon, gruppelivsforsikring og ulykkesforsikring gjennom KLP
– Løn etter gjeldande avtaleverk 

 

 

 

 

 

 

 

Kontaktinformasjon

Ester Alnes Osnes, Avdelingsleiar ressursenter, +47 97100834
Bjørnar Sæterås, Rektor, +47 47344491

Arbeidsstad

Holmegata 14
6153 ØRSTA

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Møre og Romsdal fylkeskommune

Referansenr.: 5022897680
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 23.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted