Spesialkonsulent

  • Heltid
  • FANA, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 18. september 2025

Stend vgs 

Stend vidaregåande skule har om lag 550 elevar innan Naturbruk, Idrettsfag, Sal service og reiseliv, Påbygging til generell studiekompetanse og klassar med redusert elevtal. Skulen ligg vakkert til ved Fanafjorden i Bergen kommune og har om lag 200 tilsette. Stend vidaregåande skule arbeider aktivt med å utvikle organisasjonen og studietilbodet, slik at tilbodet til den einskilde elev skal bli best mogleg. Skulen har store ambisjonar, og har som mål å vere leiande innanfor dei programområda skulen tilbyr. Stend har fokus på læring gjennom praksis og tett samarbeid med næringslivet.  Stend vidaregåande skule har for tida 10 klassar med redusert elevtal innan Yrkesfagleg grunnutdanning, Arbeidstrening og Kvardagslivstrening. I tillegg gjev skulen nokre elevar opplæring gjennom individuelle tiltak.

Stend har vokst kraftig dei siste åra og har trong for å styrka administrasjonen ved skulen.

Arbeidsoppgåver

Saksbehandling innan økonomi, budsjett og rekneskap.
Oppgåver knytet til eksamensavvikling og avvikling av årsprøver. (vakter, rom, registrering i VIS)
Kontoradministrative oppgåver (sentralbord, ekspedisjon, bestillingar).
Sakshandsaming og arkiv (oppgåver knytet til arkivering og spesielt det spesialpedagogiske feltet).
Produksjon av vitnemål og kompetansebevis.
Registrering og kontrollfunksjon innan lønn (Føring av timelister, føring av SGS1010, kontering av lønn ved endringar, registrering og kontering i VIS).
HMS – Dokument ansvarleg i Kvalitetsportalen.
Administrasjon av skoleskyss for elever.
Støttefunksjon for leiarar og elevtenesta.
Innkjøp
Administrativt arbeid knytta til utleie (Utleie av ride-/hundehall, ridekort, stallregninger, hyblar).

Kvalifikasjonar

Utdanning på Bachelornivå i økonomi og administrasjon.
Anna relevant kompetanse kan kompensere for utdanningskravet.
Heilheitleg økonomiforståing.
Gode IKT kunnskapar.
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg.
Ønskjeleg med erfaring frå vidaregåande opplæring.
Erfaring i bruk av Elements og InSchool (VIS) er ei føremon.  
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein utåtvend person som kan jobbe sjølvstendig men samstundes trives med å løyse oppgaver i team. 
Du er fagleg dyktig og engasjert.
Du har evne til å byggje gode relasjonar med kollegaer og elevar. 
Du har gode samarbeidsevner.
Du trivs med å løyse nye utfordringar og er ikkje redd for å ta på deg ukjende oppgåver. 
Du er fleksibel og kan snu deg rundt dersom det trengs.

Vi tilbyr

Løns- og arbeidsvilkår fastsett  i lov og avtaleverk.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Stend er ein arbeidsplass med godt sosialt miljø og stor fagleg breidde, der du vert inkludert i eit aktivt og positivt miljø.

Andre opplysningar:
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Den som skal tilsetjast i vidaregåande skule må leggje fram politiattest.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.

Kontaktinformasjon

Tore Hordnes, leiar administrasjon     , 41673717

Arbeidsstad

 

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune

Referansenr.: 5011303395
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.09.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted