Spesialingeniør

  • Heltid
  • BERGEN, NORGE
  • Publisert: 6 timer siden
  • 16. august 2025

Laboratorieklinikken/ Bioinformatikk, Helse Bergen HF

Laboratorieklinikken ved Haukeland universitetssjukehus er ein av dei største einingane for laboratorietenester i landet. Klinikken er organisert i avdelingar som dekker fagfelta patologi, mikrobiologi, medisinsk biokjemi, klinisk farmakologi, hormonanalysar, immunologi, transfusjonsmedisin, medisinsk genetikk, kreftgenomikk og biobank.

Bioinformatikk driftar og utviklar eigne løysingar for laboratoria ved Laboratorieklinikken, særskild retta mot NGS-basert diagnostikk. Vi jobbar prosjektbasert og ivaretar heile prosessen frå utvikling til produksjon og drift av produkta våre. Høg etterspurnad av tenestene våre gjer det nødvendig å få tak i fleire gode kollegaer som kan hjelpe oss i arbeidet vårt. Vi ønsker to tilsette, der den eine vil ha fokus på drift av infrastrukturen vår (linux, kubernetes, slurm, flux, ansible) og har ei spesiell interesse for dette, og ein som er retta meir mot utvikling, automatisering og validering av bioinformatiske pipelines. Vi har glidande oppgåvefordeling, så det eine utelukkar ikkje det andre. 

Arbeidsoppgåver

  • Utvikling, validering og drift av programvare og pipelines for analyse av ulike typer NGS-data
  • Utvikling og drift av ulike laboratoriestøttesystem
  • Utvikling og drift av integrasjonsløysingar mellom analyseinstrument, laboratoriestøttesystem og LIMS
  • Utvikling og drift av system for driftsstatistikk og kvalitetskontroll
  • Brukarstøtte og deltaking i tverrfaglege team

Kvalifikasjonar

  • Mastergrad eller PhD innanfor bioinformatikk, informatikk, molekylærbiologi eller eit tilsvarende relevant fagfelt. I særskilde tilfelle kan relevant erfaring kompensere for manglande formell utdanning
  • Kjennskap, helst erfaring, med programmeringsspråk (som t.d. Go, Python, Javascript, SQL, R)
  • Kjennskap, helst erfaring, med verktøy og pipelines for handtering og analyse av NGS-data (t.d. GATK, FastQC, BWA SAM-tools,nextflow)
  • Kjennskap, helst erfaring, med drift av linux
  • Kjennskap, helst erfaring, med relevante teknologiar som t.d. kubernetes, slurm og docker
  • Kjennskap, helst erfaring, med  metodologiar som GitOps, DevOps og TDD
  • Kjennskap, helst erfaring, med databasar (som t.d. postgresql, mongodb) og meldingstenester (som t.d. NATS, RabbitMQ)
  • Meistre engelsk munnleg og skriftleg. God kunnskap i norsk eller eit anna skandinavisk språk er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig, strukturert og ansvarsbevisst
  • Løysings- og serviceorientert
  • Kreativ
  • Samarbeider godt i team
  • Fleksibel
  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til å jobbe med parallelle prosjekt

Vi tilbyr

  • Løn etter avtale
  • Høgt fagleg nivå med gode muligheter for fagleg utvikling
  • Fleksibel arbeidstid
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

vet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Jone Marius Vignes, Seksjonsleiar, 55975307

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4989231229
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 17.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted