Osterøy kommune
Om stillinga
Eininga Psykisk helse og rusomsorg er idag organisert med to tenestestader: Psykiatritenesta og Raus bufellesskap. Osterøy kommune har over tid sett problem knytt opp mot bustadsosiale utfordringar for brukarar med rus- og psykisk helse lidingar. På bakgrunn av dette byggjer vi no bustader til denne brukargruppa.
Vi er i ein spennande prosess med å få bygga forsterka bustader til menneske med utfordringar innan rus og psykisk helse. Prosessen er i full gang og det er førebels estimert ferdigstilling i månadsskiftet august/september. Her vil det bli tre bustadar med eit fellesareal og ein separat personalbustad. Den som vert tilsett hos oss vil få vere med i utforminga av det nye tiltaket!
Stillinga har idag arbeid på dagtid, måndag til fredag, 08:00 – 15:30. Bemanninga vil bestå av ein sjukepleiar/vernepleiar og ein helsefagarbeidar. Dei nytilsette vil vere ein del av psykiatritenesta og vil arbeide tett med rusteamet i eininga, som har fleire dyktige fagpersonar. Her vil ein ha faste treffpunkt, morgenmøte, fag- og personalmøte. Ettersom desse stillingane er knytt direkte til eit nyetablert tiltak vil ein fortløpande vurdere og evaluere organiseringa. Denne evalueringa vil du som medarbeidar bli ein viktig del av.
Bustadane vil vere plassert sentralt på Valestrand på Osterøy, i nærleik av matvarebutikk, legekontor og fergesamband mellom Osterøy og Breistein.
Vi i Osterøy kommune er stolt over dette prosjektet. Vi er spent og ivrig på å sjå tiltaket kome i gang og sjå kva for skilnad det vil kunne utrette. Dette er dei første bustadane som byggast for dette føremålet hos oss!
Vi håper at du ønskjer å bli med på laget vårt og bli ein del av vår gode og trygge kollegagruppe. Her vil du få fagleg sterke kollegaer og ei leiargruppe som er open, inkluderande og støttande. Saman blir vi gode!
Oppgåver kan til dømes vera:
- Legemiddelhandsaming
- Arbeid med gruppar
- Primærkontakt oppgåver
- Gje bistand til brukarane i dagleglivets aktivitetar
- Bidra til å skape eit godt sosialt fellesskap
- Lage og oppdatere tiltaksplanar
- Samarbeid med pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
- Legge til rette for å skape ein stabil, trygg og god heim for bebuarane.
- Bidra med kvalitetssikrande arbeid
- Miljøterapautiske tiltak
Vi tilbyr
- Ein arbeidstad i naturskjønne omgivnadar med turmolegheitar.
- Høgt fagleg kolleganivå og eit godt arbeidsmiljø
- Dagarbeid
- Moglegheit til å være med å påverke eit nytt tiltak
- Osterøy kommune er ein IA-verksemd
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar, for tida i KLP
- Gode parkeringsmoglegheitar. Kjem du med kollektiv transport er det busstopp og fergesamband i nærleiken.
Kvalifikasjonskrav
- Utdanna sjukeplaier eller vernepleiar
- God erfaring med brukargruppa og gjerne med somatiske problemstillingar knytt opp mot brukargruppa
- Det vil bli lagt vekt på personleg eigenheit
- Førarkort klasse B
- Søkjarar utenfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skrifteleg og munnleg gjennom bestått B2 test i norsk
- Dersom du får tilbod om stillinga, må du leggje fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 mnd.
Kven er du?
- Trygg og fagleg sterk
- Endringsvillig
- Du må kunne arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta
- Gode samarbeidsevner
- Du er punktleg, til å stole på og er lojal mot fellesbeslutningar
- Du må være ein person som likar ei utfordring, er løsningsorientert og nytenkande.
- Du er påliteleg, engasjert og ynskjer å bidra til gode opplevingar for våre brukarar.
- Kommunen har 6 mnd prøvetid ved tilsetjing.
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide – og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!