Songlærar i Vinje kommune – vikariat 20%

  • Deltid
  • VINJE, NORGE
  • Publisert: 7 dager siden
  • 2. august 2025

Kultur, Vinje kommune

Har du ei sterk røyst – både musikalsk og pedagogisk? Vinje kulturskule søkjer ein engasjert songlærar til eit vikariat i 20 % stilling. 

Som songlærar ved kulturskulen får du høve til å undervise elevar i ulike aldrar og nivå – frå nybyrjarar til vidarekomne – og bidra til å utvikle både songteknikk og formidlingsglede. Du blir ein del av eit lærarmiljø, der samarbeid og elevmedverknad står i sentrum.

Dette er ei stilling for deg som ynskjer å dele songgleda di og skape trygge rom for musikalsk utfalding. Her får du vere med å prege kulturskulen sitt tilbod og bidra til eit levande musikkliv i Vinje.

Stillinga er organisert i verksemda kultur og fritid, som arbeider for å tilby eit mangfaldig, inkluderande og inspirerande kulturtilbod til innbyggjarane i kommunen.

Arbeidsoppgåver

  • Individuell undervisning
  • Gruppeundervisning
  • Bidra i samspelsgrupper/band

Kvalifikasjonar

  • 3-årig kulturfagleg utdanning og praktisk pedagogisk utdanning
  • Utdanning innan song og musikk
  • Erfaring med arbeid med barn og unge
  • Erfaring med å formidle og lære bort song.

Erfaring frå tilsvarande stilling kan erstatte utdanningskravet.

Personlege eigenskapar

  • Gode formidlingsevner og evne til å inspirere
  • Tolmodig, lyttande og elevfokusert
  • Strukturert og sjølvstendig i arbeidet
  • Gode samarbeidsevner og bidreg i kollegafellesskapet
  • Open og allsidig i møte med ulike musikalske uttrykk

Saman med elevane må du vere:

  • Blid og imøtekommande
  • Open og inkluderande.

Vi tilbyr

  • God forsikrings- og pensjonsordning
  • Aktivitetskortordning med gåvekort, og mogelegheit for å vinne flotte premiar

I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette pliktar å nytte nynorsk skriftspråk i tenesta. 
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast. 

Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.

Kontaktinformasjon

Kristian W. Rantala, Verksemdsleiar kultur og fritid, 94983823, kristian.rantala@vinje.kommune.no

Arbeidsstad

Vinjevegen 192
3890 Vinje

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vinje kommune

Referansenr.: 4977008427
Stillingsprosent: 20%
Vikar
Startdato: 01.08.2025
Sluttdato: 31.07.2026
Søknadsfrist: 03.08.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted