Sommarvikarar Matforsyning 2026

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • 22. februar 2026

Førde sentralsjukehus og Nordfjord sjukehus - Helse Førde

Kjøkken, kantine/kafè og mottakskjøkken treng arbeidsvillige og dyktige ferievikarar: 

  • Veke 26 – 33:                                22.06.2026 – 16.08.2026
  • Førde sentralsjukehus (FSS):    100% – 8 stillingar og 80% – 2 stillingar
  • Nordfjord sjukehus (NSH):        100% – 1 stilling

Sommarvikarane deltar i alle oppgåvene som er knytt til dei postane dei vert sett til å arbeide i lag med våre faste tilsette. Du vil få opplæring i lag med dei.

Det vert krevd gode kommunikasjonsevner – du vil treffe mange mennesker i løpet av ein dag og det krev ein imøtekommande og hyggelig matvert. 
Du bør kunne arbeide minst 6 veker samanhengande, helst fleire. 

Arbeidsoppgåver

  • Du skal vere med å servere mat, vaske opp etter måltida, tillaging av mat til kantine, kafè og til pasientar 
  • Varemottak – vareleveransar skal inn på rett kjølerom o.l. Kolonialvarer til sengeavdelingar, kantine og kafè
  • Reinhald – dagleg og sommarreingjering (årleg) 

Mobiltelefon er ikkje tillat å bruke i arbeidstida

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med relevant arbeidserfaring, men ikkje noko krav 
  • Gode kunnskapar i norsk både skriftleg og munnleg
  • Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftlig og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Må kunne arbeide sjølvstendig og vere frisk og rask
  • Vere fokusert på arbeidsoppgåvene
  • Må være fylt 17 år 

Vi tilbyr

  • Sommarjobb i Matforsyning i Helse Førde gjere seg godt på CV-en og vi er ein populær arbeidsplass for arbeidsvillig ungdom!   
  • Vi tilbyr ein arbeidsplass der du kan både lære mykje og å kjenne på ein travel arbeidsdag
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

#Sommarjobb #Sommarjobbivest #Sommerjobbivest

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5038630675
Stillingsprosent: 100, 80%
Vikariat
Startdato: 20.07.2026
Sluttdato: 16.08.2026
Søknadsfrist: 23.02.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted