Sommarjobb på Ryfylkemuseet

  • Heltid
  • , NORGE
  • 7. mars 2026

Ryfylkemuseet Sti

Vil du ha ein sommarjobb der du møter menneske, formidlar historier og jobbar i unike kulturmiljø? Ryfylkemuseet søkjer no sommarvertar til sommarsesongen 2026.

Som sommarvert på Ryfylkemuseet er du ein del av møtet mellom publikum og historia. Du bidreg til å gjera museum og kulturmiljø levande gjennom samtale, nærvær og deltaking, i utstillingar, ute på tunet og i historiske omgjevnader der kvardagsliv, arbeid og forteljingar får ta plass. Arbeidsdagane er varierte, og kan spenna frå guiding og vertskap til levandegjering i kostyme, enkle oppgåver ute og kontakt med både menneske og dyr. Jobben passar for deg som likar å formidla, vera i lag med folk og ta ansvar i eit ope og sosialt miljø.

Kvar kan du jobba?

Som museumsvert kan du få arbeidsdagar ved:

  • Nesasjøhuset (Sand) — museum, utstillingar og butikk

  • Kolbeinstveit (Suldal) — historisk museumsgard med levande formidling

  • Industriarbeidarmuseet (Sauda) — forteljingar frå industri- og kvardagsliv

Arbeidsoppgåver

  • Ta imot publikum og vera vertskap på museum og kulturhistoriske anlegg

  • Guiding og formidling til ulike målgrupper

  • Delta i levandegjering og aktivitetar, til dømes gjennom rollespel eller bruk av kostyme

  • Medverka ved arrangement og aktivitetsdagar

  • Billettsal og enkel servering

  • Lett hagearbeid og stell av uteområde

  • Dagleg stell av dyr der dette er aktuelt

  • Samarbeid med andre vertar, frivillige og tilsette

  • Andre praktiske oppgåver knytte til drift av anlegga

Du treng ikkje vera ekspert på historie — opplæring blir gitt.

Kven ser me etter?

Me ser etter deg som:

  • er imøtekomande, påliteleg og glad i å møta folk

  • trivst med ansvar og sjølvstendig arbeid

  • er interessert i historie, kultur eller formidling

  • kan jobba heile eller delar av sommarsesongen

Førarkort er ein fordel, sidan arbeidet kan vera fordelt på fleire anlegg. Det er moglegheit for overnatting på Kolbeinstveit.

Me tilbyr

  • Ein variert og meiningsfull sommarjobb

  • Arbeid i unike kulturhistoriske omgjevnader

  • Fellesskap med andre vertar

  • Erfaring som er relevant for studium og arbeid innan kultur, reiseliv og formidling

Jobbsted