SFE AS
Ein sommarjobb hos oss er ein fin måte å bli kjend med SFE på. Kanskje er dette også starten på ei framtidig karriere innan fornybar energi?
Vi ser etter sommarvikarar til å utføre enkle vedlikehaldsoppgåver som plenslått, målearbeid og anna arbeid ved kraftanlegga våre. Aktuelle stader å arbeide kan vere i Ålfoten, Svelgen eller Gloppen.
Denne jobben passar deg som likar litt praktisk arbeid. Kanskje er du også i gang med ein yrkesfagleg utdanning innan elektrofag? Det er ein fordel om du er over 18 år og har førarkort klasse B, men dette er ikkje eit krav.
Sommarjobben varer gjerne i ein periode over 3-5 veker, der det kan vere mest aktuelt med arbeid frå starten / midten av juni og framover. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe, og kva for lokasjon du kan tenkje deg å jobbe ved.
Før tilsetting vil vi etter samtykke gjennomføre bakgrunnssjekk og personkontroll med heimel i kraftberedskapsforskrifta. Relevante kandidatar vil få nødvendig informasjon om dette. Tilsetting gjerast berre under føresetnad om godkjent bakgrunnssjekk.
#Sommarjobb #SommarjobbNordfjord