Aurland kommune
Om stillinga
Aurland kommune har ledig 50% mellombels stilling som skulebibliotekar. Stillinga gjeld i perioden 01.08.2025 – 31.07.2026, med moglegheit for forlenging. Stillinga inneber direkte arbeid med skulebiblioteket knytt til Aurland folkebibliotek og Flåm skule, særleg knytt til litteraturformidling, kursing i kjeldekritikk og kritisk tenking blant skuleelevane, samt aktiv kompetansedeling med lærarkollegiet på begge skulane.
Aurland folkebibliotek har fine lokale i første etasje ved Aurland barne- og ungdomsskule (Abu), og har tre tilsette. Me har eit godt utval med bøker, film og lydbøker for store og små. Her blir du godt kjent med elevane ved skulen, i tillegg til bygdefolk som anten vil låne seg ei bok, lese dagens avis eller nytte seg av andre tilbod. Folkebiblioteket er eit kombinasjonsbibliotek. Flåm skule er tilknytt eige skulebibliotek, som er administrert av folkebiblioteket i Aurland.
Arbeidsstaden til bibliotekmedarbeidaren vert i hovudsak på Aurland barne- og ungdomsskule, men vil også ha fast arbeidstid på Flåm skule.
Bibliotek, kulturskule og fritidsklubb er organisert i kommunalområde oppvekst, som ein del av avdelinga Aurland barne- og ungdomsskule. Alle tre einingane jobbar på tvers for å skape eit best mogleg tilbod til born og unge, og vi ser etter ein medarbeidar som gjerne tek del og initiativ i dette arbeidet med sin fagkompetanse.
Kultur er ein viktig del av oppveksten til borna våre, gjennom skule og fritidstilbod.
Arbeids- og ansvarsområde
Skulebibliotekaren skal rapportere til kulturskulerektor. Arbeidsoppgåver som ligg til stillinga:
- Drift, vedlikehald og oppgradering av skulebibliotek i Aurland og Flåm
- Aktiv formidling til born og unge, både i skule og barnehage, til dømes lesestunder
- Utvikle og arrangere kurs i kjeldekritikk og kritisk tenking for elevane på skulen
- Organisere og leggje til rette for lesetid for skulen i biblioteket
- Oppdatere og utvikle plan for skulebibliotek i samarbeid med kulturskulerektor.
- Sikre elevmedverknad i utviklinga av skulebiblioteket.
- Oppretthalde og vidareutvikle eit godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø ved biblioteket
- Samarbeid med ungdomsråd og elevråd og eventuelt andre relevante organisasjonar.
- Andre oppgåver kan tilfalle stillinga etter kvalifikasjonar og behov innan oppvekst-området
Noko kvelds- og helgearbeid må påreknast.
Me tilbyr
- ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad
- bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- løn etter tariff
- tilbod om minimum 6 års tilleggsansiennitet (for fagbrev og høgskuleutdanning)
- fleksitidsordning
- gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen (førebels ut året 2025)
- gratis inngang til symjehallen (førebels ut året 2025)
- å formidle kontakt med utleigar av ledige husvære
- eventuell informasjon om ledige stillingar til partar, samt moglegheit for utlån av kontorfasilitetar (kontorhub)
- barnehageplass i Aurland barnehage
Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=aFXLAnqaUbI
Kvalifikasjonar
- Høgare bibliotekfagleg utdanning. Anna relevant utdanning kan vurderast.
- Ønskeleg med erfaring frå bibliotek og kultursektoren
- Ønskeleg med erfaring frå arbeid med born og unge
Personlege eigenskapar
Me ynskjer at du:
- er lojal og strukturert, og samtidig kreativ og kan tenke nytt
- har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- er engasjert og opptatt av born og unge sine leseferdigheiter
- har god og tydeleg munnleg og skriftleg framstillingsevne
Våre verdiar er: L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.
Løns- og tilsetjingsvilkår
- tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lover, reglement og tariffavtale.
- førarkort klasse B, og tilgang til bil, er ein fordel vvvv
Krav til språk
Du må kommunisere godt på norsk, både munnleg og skriftleg. Aurland kommune nyttar nynorsk som målform.
Generell informasjon
Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkarlister til ledige stillingar. Søkarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Me tek kontakt med søkarar som har bedt om dette, dersom me meinar at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg.
Mangfald kan gje oss eit breiare perspektiv. Medarbeidarar med ulik livserfaring og fagkombinasjonar kan gjere oss i stand til å finne gode løysingar i kommunen vår. Me oppfordrar derfor alle til å søke jobb utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søke sjølv om du ikkje kan syne til ei samanhengende yrkeskarriere.
Me ynskjer deg velkomen som arbeidssøkar i Aurland kommune.
NB! Me overfører nytilsette direkte til lønsystemet vårt, det er difor veldig viktig at du skriv namnet ditt slik det er registrert i folkeregisteret når du søker stilling, samt at du skriv med stor forbokstav.