Skule- og barnehagefagleg rådgjevar 100 % fast stilling

  • Heltid
  • ÅSERAL, NORGE
  • 4. februar 2026

Vil du vere med å utvikle framtidas barnehage- og skuletenester i Åseral kommune?

Vi søkjer ein engasjert og kompetent skule- og barnehagefagleg rådgjevar som vil bidra til kvalitet, utvikling og lovoppfølging i oppvekstsektoren.

Arbeidsoppgåver

Kommunen har eit ansvar for å sikre gode oppvekstvilkår for barn og unge. Som rådgjevar blir du ein nøkkelperson i arbeidet med:

  • Kvalitetsutvikling og kompetanseheving i barnehage og skule.
  • Oppfølging av lovpålagde krav, tilsyn og internkontroll.
  • Støtte til leiarar og einingar i komplekse faglege og organisatoriske spørsmål.
  • Samhandling mellom barnehage, skule, helsetenester og andre aktørar.
  • Strategisk utvikling og planarbeid innan oppvekstfeltet.

    Dette er ei spennande stilling for deg som ønskjer å påverke og utvikle tenester som betyr mykje for innbyggjarane.

Kvalifikasjoner

Utdanning:

  • Minimum bachelorgrad frå høgskule innan pedagogikk, barnehage- eller skuleleiing.
  • Gjerne mastergrad innan utdanningsleiing, spesialpedagogikk eller offentleg administrasjon.

Erfaring:

  • Leiarerfaring frå barnehage eller skule er ein fordel.
  • Kjennskap til Opplæringslova og Barnehagelova.
  • Erfaring med kvalitetsutvikling, tilsyn og internkontroll.

Personlege eigenskaper

  • Evne til å leie utviklingsarbeid og implementere endringar.
  • Strukturert, løysingsorientert og initiativrik.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
  • Analytisk og strategisk kompetanse.
  • Digital kompetanse.

Kvifor velje Åseral?

  • Ei utfordrande og meiningsfull stilling med stor påverknadskraft.
  • Eit godt fagmiljø og samarbeid med dyktige kollegaer.
  • Moglegheit for fagleg utvikling.
  • Lønn etter avtale og gode pensjonsordningar.

 

  • Vi kan hjelpe til å finne bustad
  • Barnehageplass
  • Gratis SFO

Kontaktinformasjon

Astrid Marie Engeli, Einingsleiar Stab, +47 47658969

Arbeidssted

Bordalsbakken 10
4540 Åseral

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Åseral kommune

Referansenr.: 5060921627
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.02.2026

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted