Skipsførar på reservefartøy i Vestland, tidligare Hordaland

  • Heltid
  • HORDVIK, NORGE
  • 25. desember 2025

Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS

Er du klar for ein spanande og allsidig jobb der du vil være med på å sikre at våre ferjer alltid er klare for oppdrag? Då vil vi gjerne høyre frå deg. 

 

Fjord1 har ledig ei spanande og sjølvstendig stilling som skipsførar på reservefartøy i Vestland (tidlegare Hordaland), pt. MF Lifjord, MF Sogn og MF Solskjel, med base på Steinestø ferjekai, 25 minutter nord for Bergen. I denne viktige stillinga vil du ha ansvaret for å sikre at våre reserveferjer alltid er operative. Du vil også yte støtte til driftande ferjer ved behov for akutt byte av fartøy eller i samband med planlagde verkstadsopphald.

Som skipsførar på reservefartøy vil du spele ei avgjerande rolle i å oppretthalde effektiviteten på våre ferjesamband. Stillinga gir deg ein variert kvardag der du får rikeleg høve til å bruke dine lederegenskaper og erfaring.

Dette er ei rolle med stort ansvar og moglegheiter for å påverke den daglege drifta av fartøyene. For å lykkes i jobben er det viktig at du har gode kommunikasjonsevner og  ser verdien av å ha ein god dialog både med kollegaer om bord og på land. 

 

Stillingen medfører seilas til/fra Fedje i nord til Langevåg i sør. Søkere med farledsbevis i området vil bli prioritert.

Arbeidsoppgåver

  • Tilsyn og vedlikehald av reservefartøy
  • Drift av reservefartøy
  • Tenestegjere på andre samband i rutedrift ved behov
  • Andre oppgåver i samsvar med stillingsinstruks skipsførar

Kvalifikasjonar

  • D1 sertifikat
  • Farledsbevis klasse 2
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Hurtiggåande MOB-båt sertifikat er ønskeleg
  • ROC/GMDSS sertifikat
  • Krise- og passasjerhandtering
  • Gyldig helseerklæring
  • Skandinaviske språkkunnskaper skriftleg og muntleg

Personlege eigenskapar

Vi søkjer ein erfaren og ansvarsbevisst skipsførar med gode leiareigenskapar og fokus på tryggleik og kvalitet. Du må vere løysingsorientert, sjølvstendig og ha evne til å inspirere og motivere mannskapet. Om desse eigenskapane beskriver deg, tek vi med glede imot din søknad. 

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Fast stilling i eit solid og anerkjent selskap
  • Dyktige kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leilegheiter og gode rabattordningar
  • Turnus: 2 veker på, 2 veker av, 84 timar pr. veke
  • Reise til og frå arbeidsstad verd dekka over 15 km.

Kontaktinformasjon

Marit Synnøve Kjetland, Rekrutteringsmedarbeider, +47 47995295, marit.kjetland@fjord1.no

Arbeidsstad

Fv269 5108
5108 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS

Referansenr.: 5053105931
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 26.12.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted