Sjukepleiarstilling – vikariat

  • Heltid
  • FØRDE, NORGE
  • 17. desember 2025

Dialyse, Helse Førde

Kom og bli ein av oss – her vil du få ein kjekk og lærerik arbeidsplass!

Dialyseposten FSS søkjer sjukepleiar til to vikariat:

  • 100% stilling frå 01.02.2026 til 15.02.2027
  • 100% stilling frå 01.04.2026 til 15.08.2027

Dersom internt krav om auke av stillingsprosent, kan ei av stillingane bli redusert til 50%. Ber om at det i søknaden vert presisert om 50% stilling også kan vere aktuelt.

Om oss
Dialyseavdelinga er ein del av medisinsk avdeling, og behandlar pasientar med akutt- og kronisk nyresvikt med behov for nyreerstattande behandling.
Hos oss er kvalitet viktig, og vi er opptatt av å gje ei god og pasientnær behandling.
Seksjonen har 10 behandlingsplassar for hemodialyse. 

Arbeidstid
Arbeidstida er dagtid mellom kl. 08.00 – 15.30 måndag – laurdag, med arbeid kvar tredje laurdag.
Avdelinga har og ope på dagtid heilagdagar.

Arbeidsoppgåver

  • Utføre hemodialyse behandling
  • Oppfølging og observasjon av pasientar under behandling
  • Pasientretta sjukepleiaroppgåver

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Det er ønskjeleg med erfaring frå dialysebehandling
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar

  • Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
  • Du bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass der vi ser og oppmuntrar kvarandre
  • Lang og trygg opplæring.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 

 

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Wenche Beate Sjåstad, Seksjonsleiar, (+47) 578 39 064

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2
6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 5049456101
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 18.12.2025