Nevrologi og Rehabilitering sengepost, Helse Førde
Kom og bli med! Vi har behov for fleire positive og engasjerte tilsette med oss på laget.
Vi har tre ledige årsvikariat frå 01.09.2025.
Nevrologi og Rehabilitering sengepost flytta hausten 2024 inn i eit flott nytt bygg med 26 einerom.
Sengeposten vår består av 14 nevrologisenger, der to av desse er planlagt som overvakingssenger for slagpasientar i akuttfasen. Rehabilitering er eit satsingsområde og har i dag 8 senger for spesialisert rehabilitering. Eksempel på type rehabilitering kan vere etter gjennomgått hjerneslag, traumer og opptrening etter amputasjon.
Resterande senger i etasjen vert nytta som utlokaliserte senger frå andre sengepostar. Det kan vere pasientar tilknytta kirurgi og kreft, men også andre fagfelt.
Dette er ein svært spennande og lærerik arbeidsplass med gode moglegheiter for fagleg utvikling innan mange ulike fagfelt, spesielt nevrologi og rehabilitering.
Frå november 2025 vil også geriatrisk sengepost med 5 senger bli lokalisert hjå oss, noko vi ser fram til og som passar godt inn med dei pasientgruppene vi har i dag.
Har du erfaring eller ønske om å jobbe med desse fagområda, håper vi du tek kontakt.
Vi ønsker deg velkomen som søkjar.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for sjukepleiefaglege oppgåver som pasientoppfølging, forsvarleg medikamenthandtering, legevisitt, samtaler med pårørende m.m.
- Dokumentasjon (Dips, Meona, Imatis).
- Undervisning og rettleiing av andre yrkesgrupper, kollegaer, pasientar, pårørande og studentar
- Delta i tverrfagleg team omkring pasientar med komplekse problemstillingar og med behov for koordinerte tenester
- Bidra i relevant forbetringsarbeid
Kvalifikasjonar
- For stillinga krevst det dokumentert autorisasjon
- Praksis eller interesse for dei aktuelle fagområda
- Gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Pasientorientert og ansvarsbevisst
- Løysingsorientert med evne til å jobbe sjølvstendig og ha gode samarbeidsevner
- Fleksibel og engasjert
- Trivast med å jobbe i eit tverrfagleg team
- Godt humør med ønskje om å bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå
- Utfordrande og variert arbeid
- Aktivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sirianne Pidic, Seksjonsleiar, (+47) 924 99 376, ida.kverhellen.steindal@helse-forde.no
Ida Kverhellen Steindal, Assisterande seksjonsleiar, (+47) 417 67 265, ida.kverhellen.steindal@helse-forde.no
Arbeidssted
Svanehaugvegen 2
6812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Førde
Referansenr.: 4940974756
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 24.08.2025