Sjukepleiarar

Medisinsk sengepost Nordfjord Sjukehus, Helse Førde

Ønskjer du å bu på ein spennande plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? Er du i tillegg sjukepleiar? Vi kan hjelpe deg med å få draumen oppfylt!

Medisinsk sengepost ved Nordfjord sjukehus har ledig stillingar for sjukepleiarar:

  • 1 x 100% vikariat:  snarast- 04.01.2026         
  • 1 x  90% vikariat:   snarast til 31.10.2025               
  • 1 x  50% vikariat:  snarast- 31.12.2025           

Medisinsk sengepost er ein heildøgn sengepost med 16 senger, inkludert 3 overvakingssenger. Vi er lokalsjukehus for Nordfjord og tek imot dei fleste pasientar med behov for akutthjelp frå dette området.

Nordfjord sjukehus ligg midt i Nordfjord og er eit av tre sjukehus i Helse Førde. Nordfjordeid er omgitt av vakker natur og er ein triveleg stad å bu. Her er gode barnehage- og skuletilbod og eit godt fritids- og kulturtilbod. 

Arbeidsoppgåver

  • Mottak og oppfølging av pasientar
  • Administrativt- og tverrfagleg arbeid relatert til pasientoppfølginga
  • Opplæring og rettleiing av studentar og nytilsette
  • Gruppeleiarfunksjon
  • Elektronisk pasientdokumentasjon i DIPS og Meona
  • 3 -delt turnus med arbeid kvar tredje helg. Vi tilrettelegg for langvakter om ønskeleg. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar
  • Erfaring frå sjukehus / medisinsk sengepost er ein fordel
  • Erfaring med bruk av DIPS eller Meona er ein fordel
  • Må beherske godt norsk, både skriftleg og munnleg
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell)

Personlege eigenskapar

  • Vere pasientorientert og ansvarsbevisst
  • Bidra til eit godt arbeidsmiljø og ha gode samarbeidsevner
  • Vere fleksibel og engasjert 
  • Evne til systematisk arbeid
  • Trivast i eit hektisk arbeidsmiljø

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Varierte og spennande oppgåver
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Høgt fagleg nivå
  • Triveleg arbeidsmiljø

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Katrine Holmøy Holvik, Seksjonsleiar, +47 916 97 445
Hilde Manseth Bjørhovde, Seksjonsleiar, +47 932 90 198, hilde.manseth.bjorhovde@helse-forde.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 14
6770 Nordfjordeid

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde

Referansenr.: 4995486604
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 04.08.2025