Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Skjerma eining er ei avdeling som er spesielt tilrettelagt for personar med moderat til alvorleg grad av demens. Avdelinga er i nytt bygg og har ti einerom. Avdelinga består også av to stover og fleire sitjegrupper i korridorar og vandregang. Vi har sansehage og overbygd stor veranda ut mot sansehagen.
Vi har ledig fleire stillingar for sjukepleiar eller vernepleiar med snarleg tilsetting
– 100 % fast stilling
– 50 % fast stilling
– 100 % vikariat (til 30.04.26). Det er mogleg med forlenging eller fast stilling.
Skriv i søknaden om du ønskjer vikariat eller fast stilling og stillingsstorleik. For vikariat: kva tidsperiode er mogleg for deg.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer etter deg som held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderspyskiatri
- Evne til å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert.
- Evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
-
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg personleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning.
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stillingane er organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Kontaktinformasjon
Wenche Pedersen Thomas, avd.leiar, 94892130
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4956340690
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikar
Søknadsfrist: 06.05.2025