Døgnbehandling psykisk helse DPS Kristiansund, Helse Møre og Romsdal HF
Er du interessert i fagutvikling, innovasjon og stort fokus på aktiv miljøterapi? Då har vi ei spennande stilling for deg!
Fire av våre dyktige spesialsjukepleiarar sluttar eller går av med pensjon, og vi treng dyktige vernepleiarar/ sjukepleiarar med autorisasjon for medikamentell behandling.
Det vil seie at vi ønskjer deg som er sjukepleiar eller vernepleiar, helst med vidareutdanning innan psykisk helse og rus.
Vi har 4 ledige stillingar i 100 % med 2 delt turnus og 3 kvar helg. Vi er ei tverrfagleg personalgruppe med ergoterapeut, aktivitør, sosionom, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleiarar, psykolog og to overlegar i psykiatri.
Døgnavdelinga har 18 sengeplassar, to av dei er brukerstyrte senger. Vi tilbyr både døgnbehandling og poliklinisk behandling (på dagtid). Det polikliniske arbeidet består av rTMS behandling kor dei med behandlingsresistent depresjon får eit tilbod. Vi driv også med VR-behandling (virtual behandling) i forhold til angst og fobi-vanskar. Dette er noko vi ønskjer å utvikle vidare framover. Vi tilbyr utgreiing og behandling av psykiske vanskar, og blant annet brukar vi ECT som ein av fleire behandlingsmetodar.
Pasientgruppa blir søkt inn frå fastlege eller spesialisthelsetenesta, samt at også vi får pasientar overført frå akuttavdelinga.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av personar med psykiske vanskar
- Delta i tverrfagleg miljø
- Delta/leie ulike pasientgruppe i miljøterapi, treningsgruppe, undervisning
- Administrere medisinar
- Rettleie studentar og personale
- Undervise pasientar og personale
- Psykoedukasjon til pasientar og pårørande
Kvalifikasjonar
- Sjukepleiar/vernepleiar med vidareutdanning i psykisk helsearbeid eller tilsvarande
- Sjukepleiar/vernepleiar med erfaring i psykiatri kan også søkje
- Erfaring med psykiatrisk arbeid vert vektlagt
- Gode munnlege og skriftleg norskkunnskaper
- Førerkort klasse B
Personlege eigenskapar
- Du er fleksibel
- Du trivast med friluftsliv og anna aktivitet
- Du må kunne arbeide i tverrfagleg team
- Du arbeider sjølvstendig, er initiativrik, kreativ og positiv
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar, tenestebevis og vitnemål vert lasta opp og lagt ved søknad/CV.
Byen vår! Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her
Kontaktinformasjon
Eli Skaug, Seksjonsleiar, Eli.Skaug@helse-mr.no
Arbeidssted
Norddalsveien 37
6516 Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 4979620749
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.07.2025