Sjukepleiar/Vernepleiar Gotatoppen

  • Heltid
  • SANDANE, NORGE
  • Publisert: 2 dager siden
  • 19. august 2025

Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune

Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊 Vi har spennande stillingar ledig innan demensomsorg og alderspsykiatri.

Vi søkjer etter engasjerte og dyktige sjukepleiarar/vernepleiarar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
 
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar – Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen – med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane. 

Vi har ledig

– ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar. Snarleg tilsetting.

– eit vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i tidsrommet fram til 31.08.26.

Vi er opne for å tilpasse stillingsstorleik og tidsrom.

Arbeidsoppgåver

Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre. Vi har starta arbeidet med TØRN der vi har endra arbeidsoppgåver for sjukepleiar.

  • hjelpe og tilrettelegge for at dei som bur der får utført sine daglege gjeremål
  • legemiddelhandtering
  • sjukepleiarfaglege oppgåver
  • dokumentasjon
  • tverrfagleg samarbeid
  • rettleie studentar

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
  • Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi søkjer etter deg som

  • held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
  • evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
  • har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte

Vi tilbyr

  • Varierte og lærerike arbeidskvardagar
  • Gode kollegaer, eit godt og stabilt arbeidsmiljø 
  • Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
  • Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
  • Stilling organisert i årsturnus

For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.

Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.

Kontaktinformasjon

Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 94989709
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818

Arbeidsstad

Grandavegen 9
6823 Sandane

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Gloppen kommune

Referansenr.: 4995235390
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Sluttdato: 31.08.2025
Søknadsfrist: 20.08.2025