
Bu- og omsorgstenesta, Gloppen kommune
Hei, vil du vere med på laget i ei framtidsretta teneste? 😊
Vi søkjer etter ein engasjert og dyktig sjukepleiar/vernepleiar som ynskjer å vere ein del av ei teneste med visjonen «saman blir vi sterkare». Vi søkjer etter deg som har ynskje om å vere ein viktig verdiberar knytt til kunnskap, omsorg, mot og tillit.
Gotatoppen er omsorgsbustadar med bemanning heile døgnet med tre avdelingar – Lyngtunet, Bregnetunet og Plassen – med åtte brukarar på kvar avdeling.
Gjennom metoden VIPS har ein implentert personsentrert omsorg i avdelingane.
Vi har ledig
– ei fast stilling i 100 % som sjukepleiar/vernepleiar. Snarleg tilsetting.
– eit vikariat i 100 % stilling som sjukepleiar/vernepleiar i tidsrommet 01.06.25 til 01.09.26.
Vi er opne for å tilpasse stillingsstorleik og tidsrom.
Arbeidsoppgåver
Hovudoppgåva er å saman arbeide for at bebuarane får gode dagar. I kvardagen har vi fokus på miljøarbeid og aktivitetar tilpassa den enkelte, i tett samarbeid med pårørande. Ein har ansvar for at bebuarane får nødvendig medisinsk behandling, etter gjeldande retningslinjer og prosedyre.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter deg som
- held deg fagleg oppdatert, og har ei interesse for eldreomsorg og alderpsykiatri
- evner å tenke heilheitleg, har fokus på løysingar, er fleksibel og strukturert
- har evne til å dele og formidle kunnskap på ein god og trygg måte
Vi tilbyr
- Varierte og lærerike arbeidskvardagar
- Gode kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling med tilbod om aktuell vidareutdanning
- Tilsetting, lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.
- Stilling organisert i årsturnus
For tilsetting gjeld ei prøvetid på seks månadar.
Det må leverast tilfredsstillande politiattest før tiltreding.
Skriv i søknaden om du ønskjer fast stilling eller vikariat.
Kontaktinformasjon
Andrea Kandal, Avdelingsleiar Gotatoppen, 94989709
Eva Skrivervik-Alme, Tenesteleiar Bu- og omsorgstenesta, +47 48894818
Arbeidsstad
Grandavegen 9
6823 Sandane
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Gloppen kommune
Referansenr.: 4956289756
Stillingsprosent: 100%
Fast, Vikar
Startdato: 01.06.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 06.05.2025