Luster kommune Hafslo omsorgssenter
Hafslo omsorgssenter ligg flott til i fine omgjevnadar sentralt på Hafslo.
Tilsette ved Hafslo omsorgssenter yter tenester til omsorgsplass for personar med demenssjukdom, omsorgsbustadar og til heimebuande. I tillegg har me eit dagsenter for personar med demenssjukdom. Me søkjer sjukepleiar/vernepleiar som kan arbeide fleksibelt innan alle tenesteområda i eininga; omsorgsplass, heimetenesta og dagsenter. Me har fokus på personsentrert omsorg og miljøbehandling.
Me søkjer deg som er motivert, fagleg engasjert, sjølvstendig og som er eit positivt tilskot til kollegagruppa vår.
Stillingsinformasjon:
- Me har ledig 80% fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar frå 01.08.25. Det er mogleg med 100% fast stilling dersom det er ynskjeleg. Stillinga inngår i turnus med arbeid 3.kvar helg, kan vere mogleg med langvakter 4.kvar helg
- Som sjukepleiar/vernepleiar på Hafslo omsorgssenter vert du ein del av eit fagleg dyktig team med mykje erfaring og kompetanse. Me legg stor vekt på utvikling og kompetanseheving i eininga vår
Arbeidsoppgåver:
- Sjukepleiefaglege oppgåver som medikamenthandtering, lindrande behandling, sårstell med meir
- Heilskapleg pleie og omsorg til bebuarar i alle einingar
- Medansvarleg for at det vert laga og gjennomført tiltak og behandling i samsvar med den enkelte brukar sine behov
- Bidra til aktivitet og omsorg som fremjar livskvalitet
- Ansvar for journalføring og kommunikasjon med brukar og pårørande ut i frå retningslinjer
- Rettleie og følgje opp elevar, studentar og nytilsette
- Vere medansvarleg for eit godt arbeidsmiljø
Kvalifikasjonar:
- Offentleg godkjend sjukepleiar/vernepleiar
- Førarkort klasse B
- Erfaring/kompetanse innan demensomsorg er ynskjeleg
- Beherske norsk, skriftleg og munnleg
Me legg vekt på:
- Gode kommunikasjonsevner
- Gode samarbeidsevner og evner til å arbeide sjølvstendig og løysingsorientert
- Personlege eigenskapar
- Fagleg engasjert med interesse for eldreomsorg
Me kan tilby:
- Arbeid i ein veldriven kommune med gode og sikre rammevilkår
- Eit godt og stabilt arbeidsmiljø med høg fagkompetanse
- Gode moglegheiter for fagleg utvikling
- Kommunale tilsetjingsvilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk
Andre opplysningar
- Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
- Alle faste nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader
- Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort
- Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit
Link til søknadsskjema: Søk her