
Alver kommune
Om stillinga
Me har frå 01.07.25 ledig ei 100% stilling som sjukepleiar/vernepleiar. Stillinga er for tida organisert i døgnturnus (2-7,3-7), og knytt til Avdeling heildøgnstenester Knarvik. Stillinga er for tida i Einelia omsorgsbustad pluss.
Det er ein spanande stilling med stor variasjon i arbeidsoppgåver. Det er god takhøgde hos oss, og forslag til å løysa arbeidsoppgåver på nye måtar vert godt motteke!
Om oss
Avdeling heildøgnstenester Knarvik er eit tilrettelagt butilbod med tilgjengeleg bemanning heile døgnet.
Avdelinga gjev tilbod til menneske med psykiske lidingar og ROP- lidingar. Avdelinga arbeider for å skape verdige og trygge butilhøve, stabilitet og gode tenester for den enkelte. Målet er å hjelpe enkeltmenneska til å leve mest moglege sjølvstendige liv i eigen bustad. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i det miljøterapeutiske arbeidet.
Arbeidsoppgåver
- Miljøarbeid og individuell oppfølging av brukarar i eige bumiljø
- Legge til rette for aktivitet og meistring av eigen kvardag
- Legemiddelhandtering
- Rapportering, skriftleg og munnleg
- Samarbeid med pårørande og andre samarbeidspartar.
- Primær og sekundærkontakt oppgåver.
- Delta i opplæring av vikarar og studentar
- Skape trygge og gode omgivnader til brukarane
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar eller vernepleiar
- Lang og brei erfaring innan tenesteområdet (minimum 5 år), som vil sei erfaring med arbeid både innen psykisk helse og rusomsorg. Det er viktig du spesifiserer dette i søknadsteksten din.
- Erfaring med miljøarbeid med brukargruppa
- Gode norsk kunnskapar, munnleg og skriftleg
- Førarkort klasse B
Me oppmodar menn til å søkja med likestillings- og diskrimineringslova § 9 a).
Kven er du?
- Har gode relasjonelle ferdigheiter og evne til å skapa tillit over tid
- Vi søker deg som er robust, og kan håndtere krevjande situasjonar med ei roleg framtoning.
- Du er trygg i møte med menneske, stolar på eigne vurderingar og er ein god medspelar i laget vårt.
- Du har eit engasjement for brukargruppa og kommuniserer godt.
- Du har evne til å ta imot og implementere rettleiing
- Du er lojal mot fellesbeslutningar
Personlege eigenskaper som nemnt over vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Ein meiningsfull jobb der du kan gjera ein konkret forskjell i livet til mange
- Oppfølging og rettleiing
- Døgnturnus
- Moglegheit til å utvikla ferdigheitene dine i arbeid med relasjonar, sjølvstende og tilhøyrsel
- Vernepleiarar ligg 9000 over tariff og sjukepleiarar ligg 10 000 over tariff i Alver kommune
- God pensjonsordning i KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Vi er ein organisasjon i læring!
Som ein del av arbeidet vert det forventa at du bidrar til ein læringskultur ved å dela kunnskap og utvikla deg i takt med endringar i samfunnet. Du heldt deg oppdatert på relevante arbeidsverktøy, arbeidsmetoder og aktivt tek ansvar for læring, samt fagleg og personleg utvikling. Bidrag til utvikling vert godt mottatt.
Vi er Alver
Vi får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.