Helse Bergen HF, Voss sjukehus
Voss sjukehus treng dyktige og engasjerte sjukepleiarar
Voss sjukehus eit lokalsjukehus med akuttberedskap innan indremedisin, kirurgi, ortopedi, føde- og gynekologi. Her møter du høg aktivitet, fagleg utvikling og eit arbeidsmiljø prega av samarbeid og engasjement. Me er stolt leverandør av spesialisthelsetenester til 31000 innbyggjarar – i tillegg til at me samhandlar tett med Haukeland universitetssjukehus både når det gjeld kompetanse og pasientflyt.
Les meir om oss på vår heimeside
Voss er mellom anna kjent for spektakulær natur og eit rikt kulturliv. Er du glad i friluftsaktivitetar eller eit variert kulturtilbod så finn du det berre nokre steinkast frå sjukehuset.
Vil du jobbe saman med flinke folk, spennande fag og ha både natur og kultur rett utanfor døra?
Hjå oss på Voss får du alt dette – og litt til! Send ein søknad, så tek me ein prat!
Vi har ledige faste stillingar ved desse einingane:
* Medisinsk sengepost
* Kirurgisk/ortopedisk sengepost
* Traineesjukepleiar
Oppgje i søknad kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkjefølge. Oppstart i stillingane vil vere frå sommaren etter avtale med den einskilde eininga. Du må pårekne å jobbe i 6 av 9 veker i perioden 26-34.
Arbeidsoppgåver
Medisinsk sengepost er lokalisert under Medisinsk avdeling, og har heildøgnssengeplassar. Det blir behandla pasientar med ulike indremedisinske diagnosar, innan til dømes hjarte, lunge, nyre, mage, tarm, hjerneslag, infeksjonar, diabetes og kreft. Arbeid i 3-delt turnus, kvar 3. helg.
Kirurgisk og ortopedisk sengepost Kirurgisk og ortopedisk sengepost er ein heildøgnspost med pasientar innanfor fagområda
gastrokirurgi, generell kirurgi, ortopedi og gynekologi. Posten har elektiv drift med planlagde operasjonar
kombinert med øyeblikkeleg hjelp innleggingar. I tillegg har ein open kontakt funksjon og kompetanse innanfor
palliasjon og kreftomsorg. Sengeposten er ein del av Kirurgisk Seksjon – ein aktig og tverrfagleg arbeidsplass med godt arbeidsmiljø og høg fagleg kompetanse.
Arbeid i 3-delt turnus, kvar 3. helg.
Traineesjukepleiar Voss sjukehus har gleda av å lyse ut nye stillingar til traineeprogrammet for nyutdanna sjukepleiarar med oppstart 15. juni 2026.
Du får 100% fast jobb frå første arbeidsdag og sjølve traineeperioden går over 2 år. Det er eit styrt løp med 3 arbeidsperiodar ved ulike einingar. Hensikta med traineeordninga er å gje deg god breiddekompetanse og ein tidleg sterk fagleg utvikling. Erfaring frå 3 ulike postar/einingar vil gi deg ein unik kunnskap frå fleire fagfelt, og er eit godt springbrett vidare i sjukepleiarkarriera di.
Traineebakgrunnen vil gje deg ei stor kontaktflate i sjukehuset og gjere deg attraktiv for fleire interessante stillingar som sjukepleiar når traineeperioden er over. Traineeprogrammet inneheld fellesopplæring ved oppstart, fagdagar og rettleiing i grupper. Ordninga er koordinert av seksjonsleiar for traineesjukepleiarane.
I løpet av traineeprogrammet skal du arbeide ved 3 ulike einingar, to av periodane vil vere på medisinsk sengepost og på kirurgisk sengepost.
I søknaden må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller løna arbeid. Den som får tilbod om tilsetting må legge fram tilfredstillande politiattest (vandel), jfr Lov om helsepersonell § 20a (gjeld arbeid med barn og utviklingshemma).
Ein må kunne jobbe samanhengande minst 6 veker i perioden vekene 25-34.
Ønsker du å vite meir om traineestillingane? Har du spørsmål eller lurer på noko? Ta kontakt med Mari Pedersen, tlf. 93878352.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Arbeidsoppgåver:
- Medikamenthandtering
- Yte omsorg for pasient og pårørande
- Observasjon og oppfølging av inneliggjande pasientar
- Kontakt med pasient og pårørande
- Teamarbeid med andre yrkesgrupper for beste pasientbehandling
Du må :
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Ha erfaring som sjukepleiar
- Meistre norsk skriftleg og munnleg
Vi søkjer deg som:
- Bidreg positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Likar å vere fagleg oppdatert, og har pasienten i fokus
- Er sjølvstendig, strukturert, nøyaktig og tek ansvar
- Er samarbeidsvillig, fleksibel, har gode kommunikasjonsevner og liker å jobbe i tverrfaglege team
- Tilpassar deg, har organisasjonsforståing og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Behandlar pasientar profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard
- Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Christine Zwartjes De Wolfe , Seksjonsleiar Medisinsk seksjon,, 56533929
Ranveig Herheim Knapstad , Seksjonsleiar Kirurgisk Avdeling, 56533686
Arbeidsstad
Sjukehusvegen 16
5704 VOSS
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5036239885
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.11.2025