Medisinsk avdeling B, Haugesund SJukehus
I 2027 flyttar vi inn i toppmoderne lokale – vil du vere med på reisa?
Kan du tenke deg å jobbe med kreftpasientar og ønsker å finne ut om dette kan vere noko for deg? Då er dette en unik mulighet! Vi har no ledig 100% vikariat ved kreftpoliklinikken ut året, med mulighet for forlengelse. Oppstart så snart som mulig.
Kreftpoliklinikken er ein del av Medisinsk Avdeling B, og det bygges nå nye lokaler som blir innflyttingsklare i 2027. Kreftpoliklinikken har mellom 20-30 pasientar innom dagleg til infusjonsbehandling i tillegg til sjukepleiardreven poliklinikk og poliklinikk for onkologar. Vi har ansvar for 4 pakkeforløp og deltek i studier.
Du vil få grundig opplæring av dyktige kreftsjukepleiarar som brenn for faget sitt.
👉 Ta gjerne kontakt om du har spørsmål
Kva går jobben ut på?
Det daglege arbeidet vil i hovedsak bestå i infusjonsbehandling og pasientoppfølging. Vidare skal sjukepleiar sikre og utføre god kvalitet på sjukepleieprosedyrar og medikamenthåndtering, og samarbeide med pasient og pårørande.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon og offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
Kva ser vi etter hos deg?
På Kreftpoliklinikken kan arbeidsdagen vere både uforutsigbar og hektisk, og vi treng deg som:
- Handterer høgt arbeidspress med ro og struktur.
- Set pris på å samarbeide med kollegaene, men du må også kunne jobbe sjølstendig i stor grad.
- Du må like, og handtere, høgt tempo og kunne bidra til eit positivt og støttande arbeidsmiljø.
Kvifor skal du velje oss?
-
Kreft er eit satsingsområde både lokalt og nasjonalt. Så hvis du i tillegg til pasientbehandling ynsker å være med på å utvikle våre tenester kan dette være en inngangsport for deg. Det er mulighet for å delta i prosjekt ved behov, og digitalisering av våre tjenester til kreftpasientar er noko som det vil komme mer av i løpet av året. Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med lågt sjukefråvær og høg kompetanse.
Det legges tilrette for kurs og internundervisning for de ansatte.
Kontaktinformasjon
Evelyn Endresen Sevland, Funksjonsleiar, 91598851, Evelyn.Endresen.Sevland@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4996481181
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 11.08.2025
Sluttdato: 31.12.2025
Søknadsfrist: 18.08.2025