Avdeling psykisk helsevern Haugesund sjukehus
Me har ledig stilling til deg som trivst i eit fagmiljø som satsar på evidensbaserte og moderne biologiske behandlingsformer.
Du vil delta i og utvikla eit sterkt fagmiljø.
Hos oss får du kombinera sjølvstendig pasientarbeid med tett, effektivt teamarbeid i periodar med høg
aktivitet, særleg travelt i morgonøktene når me køyrer hyppige ECT- og TMS‑sprang. Me samarbeider tett
med DPS og kommunale tenester gjennom deloppdrag i pasientforløp.
Me undersøkjer dei faglege og praktiske moglegheitene for oppstart av behandling med Ketamin i løpet av
2026.
Eininga er ein del av ei større avdeling som tilbyr spesialiserte tenester innan psykisk helse og rus, både
poliklinisk og som døgnbehandling.
Kva går jobben ut på?
- Planleggje og gjennomføre TMS‑ og/eller ECT‑behandling i tråd med prosedyrar og pasientforløp
- Delta i små team (oftast to personar) og kommunisere tydeleg under høg aktivitet
- Observere og vurdere pasienttilstand, dokumentere og kvalitetssikre behandling
- Bidra i opplæring, fagmøte og utviklingsarbeid
- Samhandle med DPS og kommunale tenester om deloppdrag i pasientforløp
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Må ha:
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller spesialsjukepleiar.
- Erfaring frå psykisk helsevern, helst poliklinikk, med sjølvstendig pasientarbeid og/eller små team med pasientansvar.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Motivasjon for strukturert opplæring og sertifisering innan ECT/TMS.
Ønskjeleg:
- Erfaring med ECT og/eller TMS (ikkje krav).
Kva ser vi etter hos deg?
- Lagspelar: Du deler informasjon aktivt, ber om hjelp når det trengst og støttar kollegaer for å nå felles mål.
- Fleksibel: Du handterer endringar i plan utan å miste oversikt og held roen når tempoet aukar.
- Læringsorientert: Du set av tid til å lese prosedyrar, deltek i rettleiing og følgjer opp tilbakemeldingar.
- Kommunikativ: Du gir korte, presise beskjedar i team og dokumenterer nøyaktig i pasientjournal.
Vi tilbyr:
- Eit utviklingsorientert fagmiljø som satsar på ECT og TMS og vurderer nye metodar
- Strukturert opplæring og rettleiing, inkludert TMS‑sertifisering og veiledet praksis før sjølvstendig ansvar
- Tilrettelegging for fagleg utvikling tilpassa teamet og den enkelte si interesse, med fokus på klinisk retta tid og evidensbasert behandling
- Varierte dagar med kombinasjon av sjølvstendig arbeid og teamoppgåver
IA‑arbeidsplass med fokus på inkludering og godt arbeidsmiljø
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Aarvik, konst. funksjonsleiar, +4797641042, elisabeth.aarvik@helse-fonna.no
Thomas Hasmo Eilertsen, Avdelingsleiar, +47 93455990, thomas.hasmo.eilertsen@helse-fonna.no
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5017028887
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.10.2025