Sengepost Medisin 1 SNR, Helse Møre og Romsdal HF
Er du sjukepleiar med interesse for kreft, palliasjon og blodsjukdommar og likar varierte arbeidskvardagar med fagleg fokus og utvikling? Da søkjer vi etter deg!
Vi har for tida ledig:
- 1 x 75 % fast stilling
- 4 x 100 % midlertidig stilling med varighet til 31.12.2026. Tilsetting frå snarast, etter avtale med leiar.
Tryggleik, respekt, kvalitet og trivsel er kjerneverdiar i vårt daglege arbeid i møte med pasientar, pårørande og i samarbeid med kollegaer!
Vi er ein sengepost med fokus på høg fagleg kvalitet, engasjement og eit godt og trygt arbeidsmiljø. Vi jobber saman i team der vi lærer av kvarandre og gjer kvarandre gode. Fagutvikling er i fokus, og vi legg opp til eigne fagdager i turnus for alle tilsette.
Vi har i utgangspunktet tredelt turnus, men vi vil leggje til rette for at tilsette kan kome med ønskjer for eigen turnusplan. Vi tilbyr også langvakter med arbeid kvar fjerde helg for dei som ønskjer det. Som tilsett hos oss vil du få ein variert arbeidskvardag med moglegheiter for fagleg utvikling og kompetanseheving.
Arbeidsoppgåver
- Teamarbeid saman med sjukepleiarar, spesialsjukeplerarar, helsefagarbeidarar og mellom anna onkolog, hematolog og palliativt team, ernæringsfysiolog, fysioterapeut og ergoterapeut.
- Pasientane i seksjonen vil kunne ha svært ulike behov. Arbeidsoppgåvene vil difor bestå av kartlegging og utføring av tiltak retta mot den enkelte pasient i tråd med gjeldande retningslinjer.
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning som sjukepleiar
- Relevant vidareutdanning, erfaring og kompetanse kan vektleggjast
- Meistre norsk munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Vi ser etter deg som har interesse og engasjement for kreft, palliasjon eller blodsjukdomar
- Bidrar positivt i arbeidsmiljøet
- Er påliteleg og lojal til arbeidsplassen og kollegaene dine
Vi tilbyr
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Kristina Aasen, seksjonsleiar, +47 91869218
Arbeidsstad
Opdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5049309695
Søknadsfrist: 17.12.2025