Sjukepleiar og Vernepleiar til einingar innan Divisjon Psykisk helsevern

  • Heltid
  • STRAUME, NORGE
  • Publisert: 3 dager siden
  • 3. mai 2025

Helse Bergen HF

Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar og vernepleiarar som kan jobbe ved einingar innan Divisjon Psykisk helsevern.

Oppgi i søknaden i prioritert rekkefølge kva avdeling(ar) du søker. Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjuke- eller vernepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling blir også oppmoda til å søke. 

Det er ledig 100% faste stillingar i Psykiatrisk klinikk. Kandidatar vil bli tilsett i Psykiatrisk klinikk, pt ved ein av desse avdelingane:  

*  Avdeling akutt psykoseSeksjon S3 og S4 søker sjukepleiar og vernepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. 
*  Avdeling spesialisert psykose, Seksjon S5 søker sjukepleiar, 2-delt turnus og kvar 3. helg. 
*  Regional Avdeling Spiseforstyrringar (RAS) søker sjukepleiar, 2 delt turnus, i sommar kvar 3. helg. ellers kvar 4 helg. 
*  Psykiatrisk akuttmottak, PAM2 søker sjukepleiar, 2 delt turnus og kvar 3. helg. 

Øyane DPS og Kronstad DPS har ledig følgande stillingar:

Øyane DPS, Allmenn døgn har ledig: 
–   100% vikariat i 12 månader frå 01.06.25 som sjukepleiar eller vernepleiar på med arbeid pt. kvar fjerde helg.  Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast i Divisjonen eller ved Bemanningssenteret.

Kronstad DPS, Allmenn døgn har ledig:
  100% vikariat som sjukepleiar/vernepleiar frå snarast til 31.12.2025, 2-delt turnus og pt. kvar 3. helg. Etter endt vikariat vil stillinga vere vidare 100% fast i Divisjonen eller ved Bemanningssenteret.

Oppstart i stillinga vil vere frå Juni eller etter nærare avtale med avdelinga. Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på linken i navnet. Kandidatar kan bli innkalt til intervju undervegs i prosessen.

For å oppretthalde samansettinga i personalgruppa oppfordrast menn til å søke.

Arbeidsoppgåver

Akutt psykose, Seksjon S3 er ein akutt, lukka post med 9 sengeplassar og er skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Opgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er  ein spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter.
Kontakt: Sigurd Jakobsen, Tlf. 55958530 eller Nora Kjerpeseth Kvellestad, Tlf. 55958734

Akutt psykose, Seksjon S4 er ein akutt, lukka post med 12 sengeplassar og skjerma eining for menneske med psykoselidingar. Seksjonen er lokalisert til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP) ved Sandviken sjukehus. Oppgåvene er m.a. å diagnostisere, ivareta og behandle menneske i akutt fase av sitt psykoseforløp. Parallelt samarbeider vi med instansar utanfor sjukehuset for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod. Vi er ei avdeling med eit godt arbeidsmiljø som treng ein tilsett som både har lyst på ei utfordring innan akuttpsykiatri og som kan bidra til å oppretthalde det gode arbeidsmiljøet. Avdelinga er ein  spennande og utfordrande arbeidsplass med gode personlege og faglege utviklingsmoglegheiter. 
Kontakt: Anja Marie Engh, Tlf. 55958848

Spesialisert psykose, Seksjon S5 er ein lukka korttidspost med 12 senger lokalisert til Psykiatrisk Klinikk Sandviken. Organisatorisk høyrer vi til Avdeling Spesialisert Psykosebehandling (ASP). Seksjonen driv hovudsakleg med utgreiing og behandling av pasientar med akutte psykosar, og vi samarbeider med andre instansar for å trygge utskriving til eigen bustad eller overføring til anna eigna behandlingstilbod.
Kontakt: Seksjon S5: Liv Mala, Tlf. 55958706

Avdeling spiseforstyrringar (RAS) har poliklinikk og døgnavdeling og vi behandlar til ein kvar tid ca 70 pasientar. Ved seksjon for spiseforstyrringar brukar vi kognitiv åtferdsterapi spesielt utvikla for behandling av spiseforstyrringar, i tillegg til annan form for psykoterapi tilpassa den enkelte pasient sin comorbiditet. Vi er eit av dei leiande fagmiljøa innan spiseforstyrringar i Noreg. Vi er ei regional avdeling og vi behandlar dei mest alvorlege sjuke i opptaksområde til Helse Vest. Vi har stort fokus på kompetanseutvikling, kvalitetssikring og utvikling av tilbodet vårt. Vi jobbar heilt konkret saman med pasientane våre slik at dei kan få til endringar systematisk for å bli frisk frå si spiseforstyrring. Vi jobbar tverrfagleg og teamet består av lege, psykolog, sosionom, fysioterapeut og sjukepleiarkollega. Vi har eit engasjert personalet med stor takhøgde for faglege diskusjonar. 
Kontakt: Tor Egil Pettersen, Tlf. 97107617

Kvalifikasjonar (overskrift)

Psykiatrisk akuttmottak PAM2 gir akutt psykiatrisk hjelp til personar over 18 år. På sengeposten (PAM) har vi i oppgåve å ta imot, ta vare på og behandle menneske i den akutte fasen av ein psykisk liding. Vi tar imot både pasientar som er hos oss frivillig og som er her på tvang etter lov om psykisk helsevern. Posten er lukka, noko som betyr at utgangsdøra er låst. På sengeposten får du tildelt behandlar og miljøkontakt. Vi jobbar tverrfagleg og hos oss treff du psykologar, psykiatarar, sjukepleiarar, vernepleiarar, hjelpepleiarar og assistentar. PAM har også knytt til seg sosionom og prest.
Kontakt: Vemund Lægreid Grønstøl, Tlf. 90862391

Øyane DPS er lokalisert på Straume i Fjell kommune, om lag 15 min køyring frå Bergen sentrum. Klinikken er eit av tre DPS knytta til Divisjon psykisk helsevern ved Haukeland universitetssjukehus. Øyane DPS har sektoransvar for kommunane Askøy og Øygarden. Klinikken består av allmennpsykiatrisk poliklinikk (med ambulant team), allmennpsykiatrisk døgnseksjon med 8 senger, psykose døgnseksjon med 8 senger og psykose/rehabiliteringspoliklinikk. 

Seksjon allmennpsykiatrisk døgnbehandling er ein open døgnseksjon som tilbyr korttidsbehandling. Behandlinga er bygd på respekt for kvart menneske og der brukar-medverknad står sentralt. Seksjonen er eit ledd i ein behandlingskjede for menneske med ulike psykiske lidingar og kan ha eit høgt aktivitetsnivå. Vi ønskjer difor ei personalgruppe med god arbeidskapasitet som liker ein variert arbeidskvardag, er løysingsorientert og kan bidra inn mot eit positivt arbeidsmiljø. Dersom du er ein som vil bidra til eit godt arbeidsmiljø og liker varierte arbeidsoppgåver oppfordrar vi deg til å søke.
Kontakt: Per-Christian Tang Pedersen, Tlf. 56326619

Kronstad DPS er eit lokalsjukehus innan psykisk helsevern for vaksne, sentralt plassert på Danmarksplass, like ved bybanestoppet. DPS`et har ansvar for sentrumsregionen i Bergen (bydelane Bergenhus, Årstad og Ytrebygda). Hovudoppgåvene våre er vurdering, diagnostisering og behandling av pasientar med ulike psykiske lidingar, inkludert rusproblem. Vi har tett samarbeid med fastlegar, kommunehelsetenesta, psykiatrisk klinikk og andre offentlege og private instansar. 
Kronstad Allmenn døgn tilbyr korte målretta opphald akutt og elektivt og vi er godt bemanna med kvalifiserte fagpersonar. Psykose døgn gir tilbod om målretta opphald for pasientar med psykoselidingar. Vi tar imot pasientar både frå Sandviken sjukehus, eigne poliklinikkar og frå fastlegar. 
Kontakt: Urd Hege Loftesnes, Tlf. 55956201

Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for oppfølging og ivaretaking av pasientar
  • Gjennomføre miljøterapeutiske tiltak i henhald til behandlingsplan
  • Skape eit trygt og godt behandlingsmiljø rundt pasienten
  • Bidra i det tverrfaglege samarbeidet rundt pasienten

Kvalifikasjonar

  • Du har eller vil få norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar ila vår/sommar 25
  • Erfaring frå arbeid i psykisk helsevern og/eller rus vil vere ein fordel
  • Personleg eigna for å jobbe med pasientgruppa er ein føresetnad
  • Må meiste norsk skriftleg og munnleg 

Vi tilbyr

  • Ein arbeidsplass med høg fagleg kompetanse
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Engasjerte medarbeidarar i ein spennande avdeling med nybrotsarbeid

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillingane
Karina Vorland Løvstad, Seksjonsleiar Trainee- og helsepersonell psykiatri og rus, Bemanningssenteret, karina.vorlang.lovstad@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Sandviksleitet 1
5036 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 4956247210
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.05.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted