Akuttpsykiatrisk post Haugesund
Akuttpsykiatrisk post er ei lukka eining med ansvar for akutthjelp-innleggjingar. Hovudoppgåva vår er å ta imot akutt psykisk sjuke menneske med eit breitt spekter av problemstillingar. Vi skal sørgje for at dei som treng akutt bistand får god og forsvarleg hjelp og behandling.
Vi har no ledig eit vikariat i ett år, ta gjerne kontakt om du har spørsmål vedrørande stillinga.
Kva går jobben ut på?
- Miljøterapeutisk behandling på lukka døgneining.
- Medikamenthandtering.
- Somatiske undersøkingar og somatisk oppfølgjing.
- Tverrfagleg samarbeid og samhandling.
- Kontakt med pårørande og barn som pårørande, kommune og andre samarbeidspartnerar.
- Delta på obligatoriske treningar i MAP.
- Bidra til fagutvikling i eininga.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
- Fordel med vidareutdanning innan fagområde psykisk helsearbeid og rus.
- Ynskjeleg med kjennskap til og fortrinnsvis praksis innan relevant fagområde.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
Kva ser vi etter hos deg?
Hos oss er det viktig at du:
- viser fagleg engasjement
- har gode samarbeidsevner
- er fleksibel
- trivst med å arbeide i tverrfaglege team.
- er tilpassingsdyktig og kan takle stressande situasjonar med ro og faglege haldningar
- Interesse for arbeid med personar med alvorleg psykisk liding i akutt fase er ein føresetnad
Personlege eigenskapar blir vektlagd
Vi tilbyr
- Ein spennande arbeidsplass med god tverrfagleg kompetanse innan psykisk helsevern.
- Ei erfaren personalgruppe og fast ansatte spesialistar.
- Ei avdeling i nye moderne lokalar, samlokalisert med somatisk akuttmottak, og med aktivt samarbeid med andre avdelingar på sjukehuset og psykisk helsevern.
- Rettleiing/undervisning og anledning til å bidra i fagutvikling.
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidslivs-bedrift (IA-bedrift).
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring.
Kontaktinformasjon
Rebekka Gregor, Funksjonsleiar Akuttpsykiatrisk post, +4741863999
Arbeidsstad
Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 4988703200
Stillingsprosent: 80%
Vikariat
Søknadsfrist: 01.09.2025