Sjukepleiar i heimetenesta 60 % fast

  • Deltid
  • MANGER, NORGE
  • 31. desember 2025

Om stillinga

Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spanande moglegheiter? Me har ledig ein 60 % fast stilling som sjukepleiar i nattpatruljen. Med årsturnus og arbeid i snitt kvar 3.helg, får du moglegheita til å planlegge balansen mellom arbeid og fritid på ein god måte. Nattpatruljen i heimetenesta dekker heile Alver kommune og har oppmøte i Knarvik og på Manger. 

Som sjukepleiar på natt vil du få eit funksjonstillegg på kr 18.000 i 100 % stilling. I tillegg kan du som ekstern søkjar velje å binde deg i 2 år mot eit rekrutteringtilskot på kr 50.000 som vil bli utbetalt ved tiltrede.

Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i heimetenesta og nattpatruljen vil du få arbeide bredt innafor fagfeltet. Du vil yte tenester til brukarar som bur i eigen heim, og jobbe med alt frå administrasjon av legemidlar, sjukepleieprosedyrar, handtere akuttsituasjonar, pleie av terminale, stell osv.  Kvardagen vil variere ut frå behovet til brukarane, og du vil oppleve stor grad av fagleg utvikling. Tenestene vert gjort etter vedtak, og du vil følgje ei arbeidsliste i tillegg til å respondere på alarmar ved behov.

Heimetenesta er framtidsretta og har dei siste åra satsa på velferdsteknologi, mobilt vaktrom, mobil omsorg, digital vaktbok og andre digitale løysingar.

Om avdelinga

Knarvik heimeteneste har kontor i Knarvik. På dag/kveld gir me tenester til brukara som bur i Knarvik. I tillegg er nattpatruljen organisert under Knarvik avdelinga. Nattpatruljen dekker heile Alver kommune og har oppmøteplass i Knarvik og Manger. Pr no er det totalt 6 tilsette på jobb kvar natt. I nattpatruljen jobbar det sjukepleiarar og helsefagarbeidarar, som alle bidrar med si høge kompetanse til vårt felles mål: å levere omsorg av høg kvalitet.

Kvalifikasjonskrav

  • Autorisasjon som sjukepleiar
  • Sertifikat klasse B
  • Behersker norsk både skriftleg og muntleg

Me ser etter deg som:

  • Er effektiv. Du taklar stress og liker høgt tempo
  • Er sjølvstendig. Du trives med å ha ansvar og finner lett løsningar.
  • Er fagleg sterk. Du beholder roen i uforutsatte/akutte situasjoner og klarer å prioritere.
  • Er glad i mennesker. Du blir motivert av å jobbe med mennesker og ønsker å bruke faget til det beste for brukar.
  • Er positiv. Du er ein humørspredar – blant kollegaer og brukarane.
  • Er ei nattugle. Du trives med å jobbe natt og klarer å holde fokuset oppe.
  • Er framtidsretta. Du ser nye måter å jobbe på, er villig til å gjere ting på ein anna måte og er positiv til digitale løsninger.

Vi tilbyr

  • Rekrutteringstillegg på 50 000 kr mot binding i 2 år (gjelder eksterne søkjarar).
  • Funksjonstillegg som sjukepleiar på natt på 18 000 kr i 100 % stilling
  • 10 000 kr over garantilønn ut frå ansiennitet
  • Kollegaer med høg fagleg kompetanse
  • Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
  • Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
  • Ein aktiv kvardag med mange spennande og varierte utfordringar
  • Årsturnus
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • God pensjonsordning gjennom KLP

Politiattest

I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.

Vi er Alver

Bli kjent med Alver kommune!

Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune