Masfjorden kommune
Om stillinga
Heimetenesta i Masfjorden kommune søker etter sjukepleiar i fast 100% stilling frå 01.08.2025
Heimetenesta har hovudbase på Hosteland, men har også avdelingar på Masfjordnes og i Indrefjorden.
Me ser etter ein sjukepleiar som
- Har autorisasjon som sjukepleiar
- Har evne til å arbeide sjølvstendig og i team
- Er fleksibel og samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer
- Er motivert til å yte gode tenester til brukarane våre
- Har godt humør, er raus og bidreg til eit godt arbeidsmiljø
- Kan delta i alle arbeidsoppgåver i avdelinga
- Har førarkort klasse B
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. For framandspråklege er det krav om bestått norsk nivå B2
Me tilbyr
- Ein interessant og utfordrande jobb saman med dyktige kollegaer
- Ein arbeidsplass som gjev deg høve til utvikling
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn og arbeidsvilkår etter avtaleverket
- For tida 10 000 kroner utover tariff for høgskuleutdanna i turnus
- 50 kroner ekstra pr. time i helgetillegg
- Betalt lunsj
Anna
- Tenestespråket i Masfjorden kommune er nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing vert det stilt krav om politiattest
- Frå 2026 vil du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt når du har budd 1 år i Masfjorden kommune. 25 000 kroner blir sletta for dei som oppfyller vilkåra kvart år til ein har betalt ned heile gjelda. Les meir om den nye ordninga her
Slik søkjer du:
Søk elektronisk via "Søk stillinga" på denne sida.
. Video: https://youtu.be/_nnKbz57cgo?si=I5Ppu0MyM58UQX-3