Sjukepleiar for eldre – med omsorg og tryggleik kvar dag

  • Heltid
  • HAUGESUND, NORGE
  • Publisert: 17 timer siden
  • 26. oktober 2025

Avdeling for eldremedisin, Haugesund sjukehus 

Likar du å dele erfaringar, finne løysingar saman med andre – og samtidig ha det kjekt på jobb?

På geriatrisk sengepost møter du eldre pasientar med samansette utfordringar – og vi gjer det som eit lag. Vi lærer, vi deler, vi tek ansvar når det trengst – og vi sørgjer for at både pasient og kollega blir sett.

Tempoet kan vere høgt – men du står aldri åleine. Vi tar tak, ser kva som må gjerast og vi finn løysingar saman. Her deler vi erfaringar, lærer noko nytt kvar dag – og vi gjer det i eit miljø med både humor, tryggleik og fagleg tyngde.

Vi har òg ein positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og legg i stor grad til rette for at du skal kunne utvikle deg vidare hos oss.

👉 Høyrest dette ut som noko for deg? Klikk på søkeknappen – vi gler oss til å bli kjent med deg!

Kva går jobben ut på?

  • Gi sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for behandling og observasjon.
  • Koordinere og delta i tverrfagleg geriatrisk gjennomgang.
  • Bidra til gode pasientforløp.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri.
  • Sjukepleiar med relevant erfaring kan òg søkje.
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad

Personlege eigenskaper vert vektlagd

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter ein trygg og engasjert sjukepleiar som held oversikta i ein travel kvardag og har interesse for pasientgruppa. Du er nysgjerrig, tek initiativ og set pris på eit miljø der vi lærer av kvarandre og står saman som lag.

Kvifor skal du velje oss?

Hos oss får du:

  • Årsplan med 16 helger i året.
  • Fagdagar, kurs og simuleringstrening – vi legg til rette for fagleg utvikling.
  • Ei positiv haldning til vidareutdanning innan aktuelle fagfelt, og vi tilrettelegg for at du skal kunne utvikle deg vidare
  • Kollegastøtteordning – du står aldri åleine.
  • Eit inkluderande arbeidsmiljø i ei IA-verksemd.

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Siv Natalie S. Folkvord, Funksjonsleder, 91677518, siv.natalie.byrkjeland.seljestad@helse-fonna.no
Doreen Halleland, Avdelingsleder, 41692464, doreen.halleland@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 4998379555
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted