Sjukepleiar fast nattstilling ved Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

  • Deltid
  • VIGRA, NORGE
  • Publisert: 14 minutter siden
  • 21. oktober 2025

Giske kommune, Vigra, Giske og Godøy omsorgsdistrikt

Vi har ledig fast 75 % nattstilling som sjukepleiar ved Vigra omsorgssenter og Godøy bukollektiv frå snarast.

Stillinga inngår i turnus med arbeid kvar 3. helg.

Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillinga.

I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt ved tilsetjing.

Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.

Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.

Arbeidsoppgåver

  • Vanlege sjukepleieoppgåver i avdelingane for demente ved Vigra omsorgssenter og ved Godøy bukollektiv.

Arbeidsoppgåver kan bli endra ut frå behov.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar, gjerne med vidareutdanning i geriatri/demensomsorg.
  • Erfaring frå arbeid med demensomsorg.
  • God digital kompetanse.
  • Sertifikat for bil. 
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

  • Interesse for demensomsorg og liknande diagnosar.
  • Fleksibel og løysingsorientert.
  • Gode samarbeidsevner.
  • Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.

Vi tilbyr

  • Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår, men du er sikra løn tilsvarande stigen med 16 års ansiennitet.
  • Fokus på fleksibilitet og samarbeid og ønskjer å oppretthalde eit godt arbeidsmiljø.

Kontaktinformasjon

Heidi Renate Roaldsand, avdelingsleiar, 90248034
Helen Gjerde, nestleiar, 90249808
Randi Helen Holmen, avdelingsleiar Reset bufellesskap, 91875720
Nina Skjong, einingsleiar, +47 90251630

Arbeidsstad

Reset 14
6040 Vigra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Giske kommune

Referansenr.: 5025766130
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 22.10.2025

Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

Jobbsted