Alver kommune
Om stillinga og Nordhordland legevakt
Vi har ledig stilling på 3. kvar helg ved Nordhordland legevakt.
Nordhordland legevakt er ei interkommunal legevakt for 7 medlemskommunar (Austrheim, Fedje, Gulen, Alver, Masfjorden, Modalen og Osterøy). Legevakta ligg sentralt i Knarvik og er ein flott arbeidsplass i nytt helsehus. Legevakta er organisert etter vertskommunemodell med Alver kommune som vertskommune. Befolkninga i vårt område utgjer ca. 46 000 innbyggjarar. Næraste sjukehus er Haraldsplass Diakonale Sykehus og Haukeland universitetsykehus.
Arbeidsoppgåver
- Mottak og triagering av pasientar
- Vurdere, observere og behandle akutt sjuke pasientar i tett samarbeid med lege
- Prøvetaking og laboratoriearbeid
- Dokumentasjon i journalsystem (Infodoc)
- Legevaktsentral – tlf. rådgiving og prioritering av pasientar ved hjelp av medisinske verktøy
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- God norskkunnskapar, skriftleg og munnleg
- Er du medisinstudent som har fullført 3. året kan du og søke
- Sjukepleiarstudent som er ferdig utdanna sommar 2025 kan vurderast til stillinga
Det er eit føremon med erfaring frå arbeid på legevakt
Kven er du?
- Du har eit godt pasientfokus
- Du har interesse og motivasjon for arbeid på legevakt
- Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
- Du likar å arbeide både sjølvstendig og i team
- Du trivst med høgt arbeidstempo og varierte oppgåver
- Du har eit godt klinisk blikk, og kan prioritere mellom arbeidsoppgåver
Dei personleg eigenskapar ovanfor vil bli lagt vekt på.
Vi tilbyr
- Fagleg spennande og utfordrande oppgåver
- Godt arbeidsmiljø
- Sjukepleiare i Alver kommune har pr. dd. kr 10 000,- over garantilønn i tariffavtalen
- Løn etter avtale
- Gode forsikrings- og pensjonsordninger i KLP
Me er Alver
Me får vere der frå aller fyrste stund, og vi får følgje deg gjennom livet!
. Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede