Avdeling for rusmedisin/ AFR Askøy, Helse Bergen HF
Avdeling for rusmedisin består av fem døgnseksjonar, ein seksjon for forsking, ein LAR seksjon, ein ambulant seksjon og to poliklinikkar.
Seksjon Askøy er ein døgneining for døgnbehandling og held til i moderne, flotte lokale kun ein halv times køyretid frå Bergen sentrum. Det er òg godt båt- og bussamband til Askøy. Seksjon Askøy tar i mot ruspasientar med samansette problem. Vi har 28 senger for elektiv behandling av menn med rusproblem, der ein mellom anna jobbar med indivuell tilnærming og gruppeterapi. Gjennom behandlingstilboda våre ønsker vi å legge til rette for utforsking av nye meistringsopplevingar, og at den enkelte kan finne tilbake til eit godt daglegliv.
Seksjon Askøy har ledig 35-40% fast stilling for sjukepleiar eller vernepleiar, for tida med arbeidstid på natt i langvaktturnus, med arbeid i snitt kvar fjerde helg. Vikariatet er ledig frå snarast og til 1. mars 2026.
Arbeidsoppgåver
- Generell pasientoppfølging
- Miljøterapeutisk oppfølging og behandling av pasientar i samhandling med tverrfagleg team
- Medverke til å skape trygge rammer for pasientane
- Dokumentasjon i aktuelle journalsystem
- Medikamenthandtering
- Oppgåvene er varierte, og inneheld både tradisjonelle sjuke- og vernepleiaroppgåver, samt miljøterapeutiske oppgåver
- Stillinga er for tida på natt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
- Erfaring med arbeid innan rusbehandling og/eller psykisk helsevern og/eller somatikk er ein fordel
- Kunne dokumentere i tråd med nasjonale lovar og retningslinjar
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggast ved søknaden
Personlege eigenskapar
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø
- Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og saman med andre
- Ha engasjement for målgruppa og engasjement til å prege utviklinga av seksjonen som heilskap
- Pedagogiske evner er ein foresetnad
- Du tåler å stå i krevande situasjonar
Vi tilbyr
- Høgt fagleg nivå, med utfordrande og spennande arbeidsoppgåvar
- Regelmessig internundervisning og andre utviklingsmuligheter
- Godt arbeidsmiljø
- Ein arbeidsplass som er ein inkluderande arbeidsliv-bedrift (IA-bedrift)
- Langvaktturnus, for tida med arbeid i snitt kvar fjerde helg
- Lønn i henhald til gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Beate Louise Karlsen, Spesialsjukepleiar, 97745657
Arbeidsstad
Haugane 6
5307 Ask
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5022883277
Stillingsprosent: 40%
Fast
Søknadsfrist: 17.10.2025