Sjukepleiar eller helsefagarbeidar – vil du ha ein jobb med friheit, fag og fellesskap?

  • Heltid
  • STORD, NORGE
  • Publisert: 21 timer siden
  • 18. oktober 2025

Bemanningssenteret Stord Sjukehus

Ønskjer du ein jobb med variasjon, utvikling og stor fleksibilitet?
Hos oss i Bemanningssenteret på Stord sjukehus får du ein arbeidskvardag der ingen dagar er like. Du får påverke eigen turnus, bygge brei erfaring og utvikle deg fagleg – alt medan du blir kjent med mange flotte kollegaer på tvers av sjukehuset.

Her får du ein arbeidsplass som gir deg både fleksibilitet, tryggleik og fagleg påfyll – og eit fleksibilitetstillegg på 33 000 kr i full stilling.

Sjukepleiarar? 🌟 For deg som ønskjer variasjon og trivst med å jobbe på fleire avdelingar. Her får du påverke eigen arbeidskvardag, utvikle kompetansen din og bygge brei erfaring på tvers av fagfelt.

Helsefagarbeidarar? 🫶 For deg som vil utvikle brei klinisk kompetanse og lære prosedyrar som vanlegvis vert utført av sjukepleiarar. Du får solid opplæring og støtte frå erfarne kollegaer – og ein kvardag som gir både meistring og utvikling.

📞 Har du spørsmål? Ikkje nøl med å ta kontakt for ein uforpliktande prat – vi fortel gjerne meir om korleis det er å jobbe hos oss.

👉 Søk no – vi gler oss til å ha deg med på laget!

Kvifor skal du velje oss? 

Hos oss får du:

  • Fleksibel arbeidsplan – du er med og styrer turnusen din.
  • Fleksibilitetstillegg på 33 000 kr/år i full stilling.
  • Variasjon og læring på tvers av fagfelt.
  • Moglegheitfor å byggje brei erfaring og kompetanse
  • Nye kollegaer og nettverk på fleire avdelingar.
  • Vi legg til rette for vidareutdanning og fagleg utvikling.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Autorisert sjukepleiar eller helsefagarbeider 
  • Gode IT-kunnskaper
  • Kjennskap til DIPS og Meona er ein fordel, men opplæring blir gitt
  • Erfaring frå arbeid i sjukehus er ønskjeleg, men opplæring blir gitt
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå.

Kva ser vi etter hos deg?

Vi ser etter deg som:

  • trivst med å jobbe på ulike avdelingar og raskt finn deg til rette
  • tek ansvar og viser omtanke for både pasientar og kollegaer
  • deler kunnskap og bidreg til godt samarbeid
  • held deg fagleg oppdatert og finn løysingar i ein travel kvardag
  • held deg fagleg oppdatert og tek gjerne initiativ til å lære noko nytt.

    Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

    Kontaktinformasjon

    Toril Førland, Funksjonsleiar, +47 99201883, toril.johanson.forland@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Tysevegen 64
    5416 STORD

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

    Referansenr.: 5023870152
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 19.10.2025

    Du må logge inn for å søke på denne stillingen.


    Opprett en profil, og søk enkelt på jobber. Trykk på knappen nedenfor, for å komme i gang.

    Jobbsted