Kvinnherad kommune Bu og habilitering
Nytt bufellesskap i Rosendal – Vil du vere med frå starten?
I vakre Rosendal opnar vi snart eit nytt bufellesskap for voksne personar med funksjonsvariasjonar, og vi søkjer engasjerte og omsorgsfulle medarbeidarar som vil vere med å skape eit trygt og godt heimemiljø for våre tenestemottakarar.
Vi har følgjande fast stilling ledig:
- 80 % sjukepleiar – nattevakt
Fast stilling med arbeid kvar 3. helg. Du vil ha ansvar for fagleg oppfølging og tryggleik på natt, og vere ein viktig ressurs i teamet.
Vi ser etter deg som:
- Har relevant utdanning og autorisasjon
- Er trygg, sjølvstendig og har gode samarbeidsevner
- Har eit varmt hjarte for omsorg og personsentrert bistand
Vi tilbyr
- Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
- Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP
- Ein spennande arbeidsplass i utvikling
- God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer
- Eit inkluderande og fagleg sterkt arbeidsmiljø
- Bur du i Kvinnherad og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet.
- Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
- Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.
Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.
Link til søknadsskjema: Søk her